Ein annan veg inn i yrkeslivet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter fyrsteåret på teknisk og industriell produksjon (TIP) ved Vest-Telemark vgs, bestemte Sondre Lauvrak seg for å ta andreåret ved bilskadelina på Hjalmar Johansen vgs i Skien. Det var ei avgjerd han angra på i ettertid.

– Eg fann fort ut at det ikkje var det eg ville. Det var greitt å drive med slikt på hobbybasis, men det blei ikkje interessant nok til at eg ville arbeide med det, forklarar Lauvrak.

Dermed blei det ikkje skulen som blei det viktigaste for den unge fyresdølen i byen. Han fullførte skuleåret, men ikkje med dei beste papira.

Blei sveiselærling
Sjefen for maskineringsverksemda IKM i Fyresdal, Lars Inge Lauvdal, kjente godt til Lauvrak frå før, både gjennom sommararbeid og venskapen med Lauvdals son. Han var difor ikkje i tvil om at han ynskte å tilby Lauvrak opplæringskontrakt som sveisar. For det var sveisar Lauvrak hadde lyst til å bli. I samarbeid med opplæringskontoret for teknologifag i Telemark kunne dermed Lauvrak starte læretida si i august 2011.

No har Lauvrak eitt år att før han kan ta fagprøva og få fagbrev som sveisar. Når ein startar i lære utan å ha heile den relevante vidaregåandeutdanninga på plass, får ein ei opplæringskontrakt. Så må eleven etter kvart sjølv ta initiativ for å konvertere det til å bli ei lærlingkontrakt, dersom han ynskjer det. Med fagbrev får ein mykje breiare yrkeskompetanse, og må då ta skulefag i tillegg.

– Eg som ansvarleg må ta stilling til om eleven har føresetnader for å klare å ta eit fagbrev, og ikkje minst om motivasjonen er på plass, seier Lauvdal, som ikkje var i tvil når det gjaldt Sondre.

Dei skryter også av Telemark fylkeskommunes tilrettelegging, som gjev Lauvrak høve til å få undervisning samtidig som han arbeider.

– Og så er Sondre veldig læreviljug og ein stå-på-gut, legg sjefen til.

– Det må du passe på å få med, gliser den ivrige sveisarlærlingen.

Slutta som 15-åring
Det er mange som ikkje føler seg klare for meir skulegang rett etter ungdomsskulen. Kristian Bergland frå Åmot var berre 15 år gamal då han valde å slutte på skulen, etter nokre månader som elev på TIP-lina.

– Eg var lei av skulen før eg starta på vidaregåande. Eg stelte til mykje trøbbel for meg sjølv, og tenkte at i staden for å halde fram på vidaregåande og ta faga om att og om att, kunne eg likefort prøve å koma meg ut i arbeidslivet, seier Bergland.

Mora Margit Kostveit Bergland syntest det var vanskeleg at sonen på 15 år ynskte å avslutte skulegangen. Men dei heime såg også at han ikkje fann seg til rette.

– Me snakka mykje med han om det, og blei einige med han om at han ikkje fekk lov å slutte før han hadde noko anna å gå til, fortel Margit.

15-åringen starta å ringe rundt til bedrifter som driv med det han heile livet har hatt lyst til å arbeide som: maskinentreprenør. Grave, brøyte, knuse stein. Køyre maskiner, rett og slett. Ganske raskt fekk han napp hos ei verksemd i ei lita bygd i Setesdal, og reiste dit.

– Etter ei stund der fekk eg kontakt med Hovden hytteservice, der eg arbeider no. Eg fekk opplæringskontrakt med dei, og trivst veldig godt, seier 19-åringen.
Om ei stund har han kompetansebeviset i handa, når han fullfører kontrakten. Fagbrev får ein berre dersom ein kombinerer læretida med skulegang på ein eller annan måte. Men Sondre har ikkje angra på at han kutta ut skulen.

– Skule er ikkje noko for meg, seier han.

– Eg synest det har gått veldig bra, og eg har klara meg sjølv heile tida. Eg er glad for at eg kunne koma i gang med å gjera det eg likar, så tidleg, seier Kristian Bergland, maskinkøyrar.

Næringslivet opnar dører
Det er ikkje tilfeldig at det ikkje er så mange såkalla fråfallselevar i Vest-Telemark. – Næringslivet tek ansvar for at mange elevar får god opplæring sjølv om dei ikkje finn seg til rette på skulebenken, seier oppvekstsjef Lars Torstein Momrak i Fyresdal.

Momrak, no kultur- og oppvekstsjef i Fyresdal og tidlegare ansvarleg for oppfylgingstenesta for elevar i vidaregåande frå Vest-Telemark, er ikkje i tvil om at samhaldet i bygdene og omsorg for kvarandre gjer at mange unge vesttelar får opplæring i eit yrke dei ynskjer seg – sjølv om dei ikkje finn seg til rette på skulebenken.

– Både bedriftene i regionen og kommunane er veldig flinke til å ta imot ungdomar og lære dei opp. Alt frå mekaniske verksemder, til omsorgsyrka i kommunane, til bøndene som driv med såkalla grøn omsorg. Eg meiner at måten bedriftene stiller opp på er ei viktig årsak til dei gode tala i Vest-Telemark – at så få gjeng rundt utan noko å gjera, seier Momrak.

– Det betyr i sin tur mykje for oss i kommunane – det at sambygdingar gjer regionen til ein god og attraktiv plass for ungdomen å vera, legg han til.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

Faktaboks

IKM Maskinering AS avd. Fyresdal
Verksemd med 17 tilsette.
Driv med maskinering og sveising av stålkonstruksjonar.
Leverer mellom anna til Rolls Royce og til offshore-industrien.