Vil ha statsministeren i språkdebatt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skal vi med sidemål?

På torsdag blir pamfletten Kva skal vi med sidemål? lansert på Litteraturhuset i Bergen. Noverande og førre leiar av Norsk Målungdom, Vebjørn Sture (25) og Janne Nygård (23), står bak.

– Eg trur ikkje eg veit om så mange politiske saksfelt der det er så mange som meiner så mykje, med så lite sakskunnskap. Me ønskjer å kle av desse ein gong for alle, seier Vebjørn Sture.

Første del av boka byrjar med påstandar om sidemål frå både elevar, lærarar og ungdomspolitikarar. For eksempel at bokmålselevane blir meir positive til sidemål om det blir frivillig, at sidemålsundervising tek tid frå hovudmålet og kva poenget eigentleg er.

– Me tek innvendingane seriøst, og svarar ordentleg. Mange av påstandane tek folk for god fisk, og verkar plausible, seier Vebjørn Sture.

Reinsar opp i grums

Både han og Janne Nygård har fleire gonger forsvart sidemålet sin plass i aviser og radio.

– I ein treminuttars debatt på radio er det vanskeleg å grunngje kvifor påstandar ikkje er sanne, seier Vebjørn.

– Me ønskjer å reinsa opp i litt grums, seier Janne Nygård.

– Det har ikkje vore ei slik bok før. Norsk Målungdom har hatt argumentasjon fleire stader, og me har hjelpt mange ungdomsparti med gode argument, men no er dei samla, seier Janne Nygård.

– Det er ikkje så mange som har fått grunngjeve kvifor dei treng sidemål. Viss ikkje elevane får forklart det, så er det ikkje sikkert dei ser nytten, seier Vebjørn Sture.

LES OGSÅ:Nynorskelevane slår bokmålselevane

Forskjellige

Sjølv er Sture tidlegare bokmålselev ved tømrarlinja ved Godalen vidaregåande i Stavanger. Janne Nygård er tidlegare nynorskelev ved ”eliteskulen” Firda vidaregåande. Dei er samde om at dei har kvar sine tilnærmingsmåtar i kampen for nynorsken og sidemålet, den eine med kvassare kantar enn den andre.

– Eg er ”bad cop”, mens Janne er ”good cop”, ler Vebjørn.

– Me er dei mest forskjellige personane du kan tenkja deg. Eg bruker leppestift, og likar å reisa til Syden, smiler Janne.

– Og eg har ikkje barbert meg på fleire dagar, og likar meg best på fjellet, legg Vebjørn til.

Ønskjer statsministeren i språkdebatt

Når det dukkar opp forslag om til dømes å gjera sidemål valfritt, er det svært ofte at journalistar og debattleiarar ringjer til Janne Nygård eller Vebjørn Sture som forsvarar for nynorsken og sidemålet sin plass.

– Det som er viktig å vita, er at me har veldig mange politikarar og parti i ryggen, seier Janne Nygård.

Ho ønskjer seg fleire toppolitikarar i debattar om sidemål og nynorsken.

– Kvifor blir ikkje Jens Stoltenberg kalla ut i ein debatt om sidemål? spør ho, og etterlyser samstundes fleire språkpolitikarar her i landet.

– Det er veldig få som har språksaker som si hjartesak. Pamfletten vår er eit tilskot som kanskje kan gje fleire aktørar som kan uttala seg, seier ho.

Draumedebatten deira er ikkje om sidemål er valfritt eller ikkje. Draumedebatten er korleis sidemålsundervisinga kan bli betre.

– Det er ikkje berre skulepolitikk. Det er òg kultur- og språkpolitikk. Det handlar om kva samfunn me vil ha, seier Janne Nygård.

LES OGSÅ: Å skrive nynorsk hevar språkkompetansen

Argument for høgresida

I andre del av boka kjem forfattarane med sine argument for kvifor alle bør ha sidemål i skulen. Ingen av forfattarane har illusjonar om at Unge Høgre og Framstegspartiet vil endra synspunkta sine på valfritt sidemål etter pamfletten.

– No har me spela ballen over til. No får dei koma med sine motargument, seier Vebjørn Sture. Han legg til at dei i boka har fleire argument for sidemål som bør finna klangbotn på høgresida.

– At ein får smarte ungar av sidemål er eit sånt argument. Ein lærer meir om ein lærer fleire språk. At alle lærer begge målformene gjev også valfridom i praksis. For viss enkeltmennesket skal kunne samarbeida om å produsera tekstar saman med andre, er ein nøydd til å kunne begge målformene, påpeikar han.

LES OGSÅ:Nynorsk som hjernetrim

Paradigmeskifte
Begge har merka ei stor haldningsendring til språk den siste blant folk, som òg dryp på nynorsken.

– Det er nesten eit paradigmeskifte, seier Janne Nygård.

Ho håpar boka kan inspirera andre til å skriva meir om sidemål og språk.

– Kven bør lesa boka?

– Kven bør ikkje lesa boka? spør Vebjørn Sture.

– Veljarar, lærarar, elevar og alle som meiner ein ikkje bør ha sidemål i skulen, seier Janne Nygård.

Faktaboks

Janne Nygård og Vebjørn Sture sine forslag til ei berekraftig sidemålsundervisning:

– Jamstilling mellom nynorsk og bokmål
– Tidleg sidemålsopplæring
– Eksponer ungane for nok nynorsk
– Lat norskfaget vere eit norskfag
– Kunnskap må gje utteljing