Ei stor omlegging av kosthaldet endra livet til Kristine Vestøl (27). No vil ho hjelpe andre.

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

– Eg vil gjere ein skilnad, seier ho. Vestøl er nyutdanna kosthaldsrettleiar, og har etablert Hippokrates Mat og Helse i lokala til Balanz i Torggata i Ørsta sentrum.

– Mange er sjuke utan grunn, og ofte handlar det om kva mat dei har ete. Kanskje kan eg hjelpe dei med å verte friske, seier ho.

Mykje sjuk
Vestøl har sjølv fått kjenne på kroppen kva mat kan bety for livskvaliteten. Ho var sjuk i mest heile barndomen og oppveksten.

– Lista er lang. Eg har hatt astma, eksem, uendeleg med allergiar, søvnproblem, fordøyelsesplager, ADHD og så vidare, men ingen legar fann noko gale med meg.

Vestøl tålte ikkje mat. Til slutt var kosthaldet sett saman av brødskiver med gulost. Når ho vart lei av det slutta ho å ete.

– Men så møtte eg ein ernæringsterapeut. Han bad meg om å kutte ut mjølk og gluten – og plutseleg vart eg betre.  Eg har sett kor ekstremt stor skilnad kosthaldet kan gjere.

LES OGSÅ: Trur lettbrus er knytt til depresjon

Kosthaldsrettleiar
Sidan ho var tenåring har ho lese alt ho har kome over av artiklar om kosthald og helse. Ho har nærast utdanna seg sjølv. Til slutt bestemte ho seg for å gjere maten til ein leveveg. Ved Tunsberg Medisinske skole har ho dei siste to åra studert for å få tittelen kosthaldsrettleiar. Utdanninga inkluderer medisin grunnfag. Spesialområda er ADHD og konsentrasjonsproblem, i tillegg til fordøyelsesproblem.

– Men alle er ulike, og eg tilpassar rettleiinga etter kvar enkelt.

LES OGSÅ: Får bygda opp av sofaen

Samarbeider
Ho har lånt kontor som ligg vegg i vegg med Balanz. Her jobbar muskelterapeut Ann-Elise Overå. Vestøl fortel at dei ser for seg å kunne utveksle kompetanse.

– Mykje handlar om stress som sit i muskulaturen. Folk har nesten ikkje tid til å verken puste eller trene i dagens samfunn. Folk manglar overskot. Stress, søvnproblem og mat høyrer gjerne saman, meiner ho.

Namnet på bedrifta er ikkje tilfeldig valt.

– Hippokrates var legekunstens far, men mange legar verkar å ha gløymt han litt. Han sa: «La din mat vere din medisin, og din medisin vere din mat». Det trur eg på, seier Vestøl.

No håper ho at ørstingar og voldingar vil finne vegen til kontoret hennar.

– Eg trur det er eit sterkt behov for denne kompetansen.

LES SAKA I MØRE-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE