Får bygda opp av sofaen

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kring 30 personar ligg på rygg i treningssalen. Heilt framme ved spegelen ligg Lundereng og ser utover dei andre.

– Kom igjen, litt til no, manar ho. Skrur litt på musikken, dempar lyset. Andleta kring ho er rosa og lett raude, dei går i eitt med fargane på treningstrøyene.

Det er tidleg formiddag på Klæbu treningssenter og dagleg leiar har time.

LES OGSÅ: Spring ut fem par joggesko i året

Heilt frå Lundereng byrja som treningsinstruktør då ho var 16 år,  hadde ho ein draum om å starte noko eige.  Den fyrste treninga ho inviterte til i heimbygda, gjorde ho nesten mållaus.

– Eg hadde med meg mormor, mamma og søstera mi. Eg var redd det ikkje ville kome nokon. Eg hadde jo berre delt ut nokre lappar, fortel Lundereng.

Men ho hadde ikkje trengt å bekymre seg. Det kom 70 personar.

– Eg måtte berre telle alle for å sjå kor mange det var, seier ho og smiler.

Fleire unge gründerar
Framtida har tidlegare skrive at det er ein sterk vekst av unge kvinner som skipar føretak. I aldersgruppa 16 til 24 år auka kvinnelege etablerarar med heile 42 prosent frå 2002 og fram til 2010, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Tal frå 2011 vil fyrst vere klare seinare i haust.

Sjå tips til korleis ein bør gå fram som ung gründer og les om verksemda SpisVis!

Tre år etter at ho skipa sitt fyrste føretak, har Lundereng no mellom 800 og 1000 medlemmar på Klæbu treningssenter. Lokala ligg i kulturhuset. Ho har fått leige av kommunen. Nytt bygg er under planlegging, kapasiteten her er sprengt.

Friskare
Rundt borda utanfor treningsrommet, hiv dei rosa-raude i seg bananar og drikke.

– Helle har gjort bygda friskare, det er mange som er blitt aktive no, fortel Oddbjørg Gaupseth.

– Ein trur ein klarar å ta ti sit-ups og så får ho oss til å ta 40, seier Anita Vangstad.

Lundereng trur det er viktig å opparbeide seg erfaring før ein byrjar for seg sjølv. Ho jobba for ulike treningskjeder før ho kom tilbake til heimbygda.

LES OGSÅ: Idretten mistar taket på unge

– Eg har tatt med meg det beste frå dei ulike stadene eg har jobba.

No har Lundereng 16 deltidstilsette, to personar jobbar på heiltid forutan om ho sjølve.

På spørsmål om kvifor ho har lukkast, svarar ho følgande:

– Eg likar å skape og legge til rette.

Faktaboks

Helle K. H. Lundereng har fylgjande råd til dei som vil prøve seg på eiga hand:

1. Stol på magekjensla
2. Spør, så får du gode råd og tips
3. Det gjer ingenting om ein feilar, det viktigaste er å prøve