Trur lettbrus er knytt til depresjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Deprimert av lettbrus

I studien har ein undersøkt inntaket av forskjellige drikkevarer hos nærare 364.000 menneske mellom 50 og 70 år, fortel Forskning. no. Vel av 11.000 av deltakarane hadde fått ein depresjonsdiagnose ti år etter at studien var i gang. Dei som drakk fire boksar brus dagleg hadde 30 prosent større sannsyn for å få ein depresjonsdiagnose, sett opp imot dei som ikkje drakk brus.

Studien tyder òg på at dei som drakk fire boksar fruktsaft hadde ein 38 prosent høgare risiko for å få depresjon. Lettutgåvene såg ut til å gi større risiko enn drikkane med sukker. Det er likevel uvisst kva som kjem først av depresjonen og brusdrikkinga, fortel Forsking.no. Studien viste òg at fire koppar kaffi vart knytt til 10 prosent reduksjon i risiko for depresjon. (©NPK)