Kan stengja kalde skular

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er det kaldt på skulen eller arbeidsplassen din?

– Temperaturen skal vera mellom 19 og 26 grader. Dette skriv Helsedirektoratet i ein rettleiar til forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Dei same reglane gjeld òg på arbeidsplassar, ifølgje Arbeidstilsynet.

Torsdag fekk Barneombodet dette spørsmålet frå ei 17 år gamal jente:

– Det er 16,6 grader i klasserommet vårt, og me FRYS! Kva er minstegrada for undervisning i klasserom? Kor står dette, så me får konfrontert lærarane og skulen med det?


– Skulen har eit ansvar for at elevane ikkje frys eller blir for varme. Dette er viktig ikkje bare av omsyn til helsa til elevane, men av omsyn til retten som elevane har til eit godt læringsmiljø. Den som sit og frys, lærer dårleg, skriv Barneombodet i svar på Klar melding.

LES OGSÅ:Tiril har med eigen omn på skulen


– Elevar som frys kan klaga til rektor. Rektor må gjere noko med saka. Det kan vera nok å hente inn ekstra varmeomnar. Det er både billig og kjapt. Deretter kan rektor reparera varmeanlegget. Vinteren kjem kvart år og det kan vere lurt å tenke på det før kulda kjem for fullt. 
Dersom rektor ikkje løyser saka, kan elevane klage til Fylkesmannen.

– I tillegg kan de klage til kommunelegen. Kommunelegen kan stengja skulen dersom det er for kaldt der, seier Barneombodet.

Har du tips til Framtida.no? Send epost til oss!