Språkrådet uroa over nynorskopplæringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uroa over nynorskopplæringa

Språkrådet er bekymra over at dei nye læreplanforslaga frå Utdanningsdirektoratet kan sjå ut til å svekkje nynorsken.

– Det uroar oss særleg at skriveferdigheitene i framlegget blir presiserte på ein slik måte at det kan svekkje vilkåra for å halde oppe norsk, særleg nynorsk, i alle delar av samfunnet, skriv Språkrådet i eit brev til kulturministeren og kunnskapsministeren om læreplanforslaga frå Utdanningsdirektoratet.

Les også: Nynorsk er ikkje eit seriøst fag utan eksamen

– Vil innebere svakare opplæring
Språkrådet oppmodar ministrane til å saman sikre at viktige språkpolitiske omsyn blir ivaretekne når læreplanen i norsk no blir revidert. Utdanningsdirektoratet har kome med forslag til Kunnskapsdepartementet, som skal sende eit læreplanframlegg ut på høyring.

– Forslaga til revidert læreplan og nye ordningar for sluttvurdering vil innebere svakare opplæring i nynorsk for bokmålselevar og i bokmål for nynorskelevar, heiter det i brevet frå styreleiar Ottar Grepstad og direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.

Dei peikar på at statusen til nynorsk og kva område nynorsk blir brukt på, mellom anna heng saman med kva plass nynorsk får i norsk og i andre fag i skulen.

Les også: SV-gruppe skal styrkja nynorsken