Noregs Mållag er skuffa over at Utdanningsdirektoratet føreslår å fjerna eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen.

mm

– Karakterar er i praksis styrande for undervisninga, og elevar i ungdomsskulen treng betre – ikkje mindre – sidemålsundervisning, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

Utdanningsdirektoratet sende i går sitt framlegg til høyring om revidert læreplan i norsk til Kunnskapsdepartementet. Utdanningsdirektoratet føreslår tre ulike alternativ for standpunkt- og eksamenkarakter i norskfaget, der alle tek bort eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen.

– Jamstilling mellom nynorsk og bokmål ligg til grunn for norsk språkpolitikk. Denne jamstillinga er i praksis avhengig av at alle får opplæring i begge språka. Karakterar er undervisningsstyrande, og eigen karakter i skriftleg sidemål er garantien for at sidemål ikkje vert nedprioritert i norskfaget. Utdanningsdirektoratet sitt framlegg er i strid med regjeringa sin eigne vedtekne språkpolitikk og svekkjer sidemålsopplæringa, seier Håvard B. Øvregård.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

Svekking
Då Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vitja Noregs Mållag sitt landsmøte i april i år, gav ho klar melding om at ho ville styrkja nynorsk både som hovudmål og sidemål.

Noregs Mållag sitt standpunkt er at sidemålskompetansen bør dokumenterast i eigen karakter både i ungdomsskule og vidaregåande skule.

– Me forventar at Kunnskapsministeren held lovnaden om å styrkja nynorsk både som hovudmål og sidemål. Då må elevane i ungdomsskule og vidaregåande skule framleis få ein eigen karakter i sidemålet, helst både som standpunktkarakter og obligatorisk eksamen, seier Håvard B. Øvregård.

Utdanningsdirektoratet presenterer i sitt brev tre alternativ til vurdering i norskfaget. Alle tre alternativa er ei svekking av skriftleg sidemål sin status i skulen. To av alternativa har ikkje eigen obligatorisk eksamens- eller standpunktkarakter i sidemål. Det tredje alternativet har obligatorisk eksamen i sidemål i andre klasse (Vg2) på studieførebuande utdanningsprogram.

– Forskjellige krav til kompetansen i sidemål og hovudmål er ei svekking av statusen til sidemålet, legg han til.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Meir refleksjon
Mållagsleiaren seier til Framtida.no at læreplanen no er betre enn tidlegare utkast frå Utdanningsdirektoratet.

Øvregård er glad for at ein allereie i løpet av 2. trinn skal byrja å snakka om bokmål, nynorsk og dialektar i skulen.

– Det er no fleire læreplanmål på barnetrinnet som handlar om refleksjon rundt språk, som er bra, seier han, og meiner dette òg kan vera med på å førebyggja at fleire byter frå nynorsk til bokmål.

– Kva vil dette forslaget ha å seia for elevar med nynorsk som hovudmål?

– Dette er ein læreplan for bokmålselevar, seier Håvard B. Øvregård, og seier at det må fleire ressursar og vegleiingar for å styrkja opplæringa i nynorsk som hovudmål.

Korleis meiner du ein best kan ta vare på nynorsken for både dei elevane som har det som sidemål og hovudmål?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39
ANNONSE