Vil fjerne retten til vidaregåande skuleplass

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil nekte elevar vidaregåande

 Det var i helga at FrPs Tord Lien, som sit i Stortingets utdanningskomite, uttalte til VG at FrP meiner det burde vere krav om 3 i snittkarakter for å få gå på vidaregåande skule.

– Eg trur det kan verke motiverande for fleire at dei må klare særskilde karakterkrav for å få plass på vidaregåande, seier Lien.

Ikkje støtte frå Høgre
Det får han ikkje den moglege samarbeidspartnaren i ei eventuell ny, blå regjering, Høgre, med på, som på linje med det sitjande regjeringa tek avstand frå utspelet.

 Det er ei fallitterklæring at dei som ikkje klarer å stå ved avslutninga av ungdomsskulen ikkje skal få plass i videregåande. Vi har behov for all den arbeidskrafta vi kan få i det norske samfunnet. seier Høgres Elisabeth Aspaker i Stortingets utdanningskomité, som meiner at ein ikkje løyser problema ved å ta frå elevar retten til vidaregåande utdanning. 

Les også: Vil at nynorsk som hovudmål skal gi ekstra studiepoeng

Ukontroversielt?
Lien i FrP meiner likevel at forslaget ikkje er noko å heve på augebryna av, og kallar forslaget ukontroversielt. Han meiner kommunane har ansvaret for at elevane er gode nok til å gå på vidaregåande.

Kva meiner du? Er det greitt å hindre elevar med dårlege karakterar å gå på vidaregåande? Diskuter!