Vil ha ekstra poeng for nynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har tidlegare lansert tanken om eitt ekstra studiepoeng for elevar i vidaregåande skule som vel nynorsk som hovudmål. Etter dette har ho også oppretta ei eiga ressursgruppe som skal sjå på aktuelle tiltak som kan medverke til å styrkje nynorsk som hovudmål i opplæringa. På landsmøtet til Noregs Mållag i april stadfesta ho at ho vil styrkje nynorsk både som hovudmål og sidemål, og tok opp att framlegget om ekstrapoeng.

– Mellom dei få som har kritisert framlegget om eitt ekstra studiepoeng for nynorsk hovudmål er Riksmålsforbundet, som kallar det ei "diskriminering av riksmåls- og bokmålsbrukere, altså det massive flertall". Noregs Mållag meiner Riksmålsforbundet her syner manglande kunnskap om korleis norskkarakterane i dag verdset norskkunnskapen til elevar med nynorsk som hovudmål, skriv Håvard B. Øvregård på nm.no.

LES OGSÅ:  Vil kjempa for sidemålskarakter 

Han meiner sitasjonen i dag er at elevar med nynorsk som hovudmål generelt sett er mykje betre i sidemål enn elevar med bokmål som hovudmål.

– Nynorskelevane har større samla kunnskap i hovudmål og sidemål enn elevar med bokmål som hovudmål, men dei får ikkje utteljing for denne kunnskapen. Fleirtalet, bokmålselevane, si svakare meistring av sidemål har i praksis ført til at dei ikkje vert vurdert like strengt i sidemålet som nynorskelevane. Det er lettare å få ein god karakter i nynorsk sidemål enn i bokmål sidemål.

LES OGSÅ: Vil ha mindre satsing på nynorsk

Han meiner ekstrapoenget kan redusere talet på elevar som byter frå nynorsk til bokmål av taktiske grunnar.

– Dei opplever at dei får betre samla karakter i hovudmål og sidemål om dei byter hovudmål til bokmål. Eit ekstrapoeng for elevar med nynorsk som hovudmål vil ikkje gjere anna enn å redusere den uretten desse elevane alt er utsette for, skriv Øvregård.

Les saka på LNK.no!