Dei fire filmaktuelle ungdomspolitikarane i "Til ungdommen" har skjønt at dei har meir til felles enn først venta.

Espen Andre Breivik
Espen Andre Breivik

Filmskapar Kari Anne Moe ville lage film om fire partipolitisk aktive ungdommar fram mot valet i 2011, for å gje ungdommar politiske førebilete på eigen alder, i tillegg til å vise samhaldet, engasjementet og kjenslene i politiske ungdomsorganisasjonar. Så skjedde 22.juli.

Filmen vart ikkje akkurat mindre viktig.

– Bodskapen har ikkje forandra seg, sjølv om filmen vart veldig annleis. Det som skjedde ramma ungdom, politisk aktiv ungdom, av den grunn har det vore svært rørande å få lov til å vere vitne til ein grunnleggjande solidaritet som eg har sett i alle ungdomspartia i ettertid.

LES OGSÅ: Film valkampen – så endra alt seg

Aldri angra på val av hovudpersonar
I Til Ungdommen møter vi Johanne Butenschøn Lindheim (AUF), Sana El Morabit (Sosialistisk Ungdom), Haakon K. Veum (Unge Høgre) og Henrik Wangberg (FpU) i tida før og etter 22.juli. Dette er ikkje ein film om terrorangrepet, heller ein hyllast til denne generasjonen av ungdommar, den politiske viljen og styrken. I kinosetet gløymer ein fullstendig sitt eige politiske standpunkt, då det er vanskeleg å ikkje bli glad i dei fire hovudrolleinnehavarane.

– Det var viktig for meg å finne ungdommar som kunne bere ein heilaftans film, som hadde interessante historier og som det var lett å bli glad i, utover partilogo. Eg har aldri angra på dei eg valte ut, fortel Moe, som prøvefilma over hundre ungdommar.

LES OGSÅ: Greier ikkje å involvera unge

– Skulle faen ikkje klemme dei frå FpU eller Unge Høgre
Trass i ulik politisk bakgrunn, har dei fire ungdommane blitt gode vener under og etter produksjonen.

– Eg hugsar at Kari Anne sa at på premieren kom eg til å ville klemme han frå FpU og Unge Høgre, men eg berre ikkje faen, fortel Johanne og ler.

– No har vi fått muligheita til å sjå menneske bak argumenta. Dei ein brukte å disse i debattane før, ser ein no at ein har mykje felles med, i og med at ein bruker fritida på det same. Det er flotte menneske, sjølv om vi er ueinige sånn politisk sett, held ho fram.

LES OGSÅ: Meir enn ein Utøya-effekt

Har latt vere å diskutere politikk saman
– Vi har reist mykje rundt, pøbla og gjort narr av kvarandre, så ein byrjar å bli varm i trøya. Eg har også gode vener både frå SU og AUF, men det er ein fordel å ikkje snakke for mykje politikk saman. Eg har ein avtale med fleire om at vi ikkje bruker tid på å diskutere, i tilfelle det blir negativ stemning, fortel Henrik.

– Men eg synest det har vore interessant å høyre frå for eksempel Sana, om kvifor ho er med i SU og så vidare, på ein mindre konfronterande måte. Det er interessant å sjå og høyre kvifor andre meiner noko anna enn deg sjølv. Utan at det nødvendigvis er ein debatt, men ein vennleg samtale. Sjølv om meiningane våre ikkje nødvendigvis er dei same, så har vi meldt oss inn i eit politisk parti av same grunn, legg Haakon til.

Johanne B. Lindheim (AUF) på veg over til Utøya før massemordaren litt seinare tok seg over. FOTO: Filmweb

LES OGSÅ: Ting vi liker med dette samfunnet

Stemmerett til 16-åringar?
Vi prøver oss likevel, og spør ungdommane om dei meiner personar også under 18 år bør få stemme.

Sana er enno ikkje 18 år, og er tydeleg på hennar standpunkt.

– Mange vaksne er heller ikkje heilt sikre, og fleire nyttar seg ikkje av stemmeretten ein gong. Eg var klar og meldte meg inn i SU då eg var 13 år, det er viktig for dei det gjeld.

Johanne er også positiv:

– Eg støtter partiet i at eg er for ei prøveordning. Det er ei vanskeleg sak, men i utgangspunktet er vi positive. Dessutan har ikkje den alderen, historisk sett, alltid vore lik og avhengig av om ein er myndig eller ikkje.

Henrik: – Det handlar om føresetnader, kan du ikkje køyre bil….

Sana avbryt: – Men vi betaler då skatt vi også, og må få vere med på å bestemme kva våre pengar skal gå til.

Haakon: – Den skatten er det du som står for, Sana.

Og småkranglinga og latteren er i gang. Vi bestemmer oss for å avbryte debatten, og spør heller kvifor det er viktig at dei som har stemmerett nyttar seg av denne ved stortingsvalet i 2013.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

– Unge har mykje å kome med!
– Mange vaksne politikarar har nok med si eiga aldersgruppe, det er viktig at vi unge også bruker stemmeretten for å tale våre eigne saker, om det som gjeld oss. Unge menneske kan tilføre mykje nytt i ein debatt. Vi har mykje å kome med, sjølv om vi er unge, så har vi kunnskap og nye tankar, seier Johanne.

– Jo fleire som deltek i demokratiet, jo breiare og meir mangfaldig blir det. Det er ein viktig verdi i seg sjølv, at det er plass til alle. Jo fleire som deltek, jo meir mangfald blir det, og mangfald er alltid positivt, legg Haakon til.

LES OGSÅ: Styrkte ungdom si tru på folkestyret

– Kan filmen engasjere fleire unge?

– Eg trur denne filmen kan vere eit bidrag, ein ser at vi er heilt vanlege ungdommar, sjølv om driv med politikk. Det er ikkje ho frå AUF, han frå FpU, han frå Unge Høgre og ho frå SU, det er heller Johanna, Henrik, Haakon og Sana. Ein kan vere ungdom og framleis drive med politikk. Eg trur dei fleste kan kjenne seg igjen i noko av oss, seier Sana.

– Mitt hovudmål er ikkje at fleire nødvendigvis skal melde seg inn i AUF, men eg håpar ungdom står for det dei meiner, gjennom for eksempel ein miljøorganisasjon, eit parti, i klasserommet, i avisa, diskutere med vener eller kva som helst. Eg trur filmen kan vere ein god «wake up-call». 68-generasjonen kjempa for sine saker, no skal vi kjempe for våre, fortel Johanne.

LES OGSÅ: Vil kjempa mot vaksentyranniet

Også regissøren har ambisjonar:

– Det er så fint at ungdommane i filmen viser at det definitivt er mogleg å bety noko og ta plass i verda med det ein trur på, utan å vere profesjonell, vaksen politikar. Ein må ikkje vere stortingspolitikar for å vere eit politisk menneske, det kan ein vere i skulegarden, og det kan bety mykje for mange, avsluttar Moe. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE