Greier ikkje å involvera ungdom
Å involvera ungdom i lokalt utviklingsarbeid er ei investering i framtida. Likevel manglar fleire fylkeskommunar oversikt over korleis ungdom kan involverst.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ungdom er ein ressurs og må takast med i diskusjonar om utvikling av sine lokalsamfunn. Dei fleste fylkeskommunar kan bli betre på å fortelja ungdom korleis dei kan påverka, seier Halvor Holmli, direktør i Distriktssenteret.
Manglar oversikt
Distriktssenteret gav måndag ut rapporten Ungdom og lokal samfunnsutvikling, Korleis involvera ungdom på fylkeskommunalt nivå? Rapporten, som er laga av Norsk institutt for by- og regionforsking, undersøkjer moglegheitene ungdom har til å påverka og engasjera seg i utviklinga av sin region, og konkrete tiltak, prosjekt og ordningar som eksisterer.
– Me ser at fleire fylkeskommunar ikkje har oversikt over tiltaka retta mot ungdom og dei moglegheitene for medverknad desse kan gjeve, seier Guri Mette Vestby ved NIBR.
– Dei har heller ingen tydeleg politikk på dette området og ser difor ikkje korleis ungdomsinvolvering kan utgjera ein ressurs i politikkutforming for fylkespolitikarar og fagfolk, seier Vestby.
LES OGSÅ: – Slik bør ungdom få meir makt
Fire lukkast
Rapportane inneheld ei grov oversikt over alle fylka i landet, og eit djupare studie av fire fylkeskommunar som har lukkast i å involvera ungdom: Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nord- Trøndelag og Nordland. Frå desse fylka blir det gjeve konkrete beskrivingar av praksis og verdifulle erfaringar blant politikarar, fagfolk, ungdom og unge vaksne.
Under kartlegginga av fylkeskommunane opplevde forskarane at det var utfordrande å få finna denne kunnskapen. Enkelte fylkeskommunar har ikkje oversikt på tvers av avdelingane, noko som gjorde det vanskeleg å få eit heilheitlig bilete av arbeidet på dette området.
LES OGSÅ: Slik påverkar du kommunen din
Slik kan dei involvera
Dei fire fylkeskommunane som er grundig undersøkt i rapporten har kopla tiltak og satsingar mot regionalpolitiske målsetjingar. Tilsette og politikarar i desse fylkeskommunane seier at ungdomssatsingane er viktige for å styrkja regionen sin attraktivitet i den auka konkurransen om å tiltrekkja seg innbyggjarar. Ungdom sine innspel på viktige politiske område er verdifulle bidrag, også til langsiktig planlegging for utviklinga i regionen.
Avgjerande faktorar for å involvera ungdom i lokal samfunnsutvikling er at politikarar lyttar til og tek ungdom på alvor, at satsingar er forankra i forpliktande styringsdokument, at det finnast eit godt administrativt støtteapparat og at det etablerast gode rutinar for samhandling mellom ungdom og politikarar.
LES OGSÅ: Der ungdom får vera bestemma