Styrkte unge si tru på folkestyre
Ungdom i kommunar med 16-årig stemmerett er meir interessert i politikk og har meir tillit til politikarane og lokaldemokratiet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På Barne- og ungdomstinget måndag på Sundvollen la Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) fram nye tal som viser at ungdom i dei 20 kommunane som hadde forsøk med stemmerett for 16-åringar heilt gjennomgåande skil seg ut frå landsgjennomsnittet.
– Stemmerett utfordrar ungdom til å setje seg inn i demokratiet og tenkja politisk om meiningane sine. Analysen vår viser at 16- og 17-åringane opplever at det å få røyste gjer dei meir politisk modne. Stemmerett er ikkje berre eit mål for politisk engasjement, men òg eit verktøy for å skapa politisk engasjement, seier leiar i LNU, Gunhild Grande Stærk.
Følg Barne- og ungdomstinget her!
Meir positive til 16-årig stemmerett
Resultatrapporten til LNU viser òg at dei ungdomane som fekk høve til å røyste er blitt meir positive til å innføre 16-årig stemmerett. Heile 54 prosent av ungdomane i forsøkskommunane er for 16-årig stemmerett, og berre 23 prosent er heilt eller nokså usamde. I landet som heilskap ser biletet heilt motsett ut – 31 prosent er for og 48 prosent er mot.
LES OGSÅ: Røysterett gav parti-kveik
– Leiar av utvalet bak NOU-ein ”Ungdomens maktutgreiing” Trond Viggo Torgersen er imot nedsett stemmerettsalder. Han saknar eit ”folkekrav” frå ungdomen sjølv. Men når det no viser seg dei som har fått røyste i langt større grad er for nedsett stemmerettsalder enn dei som ikkje fekk det, meiner vi det er eit tydeleg signal om at stemmeretten må kome først, seier Grande Stærk.
LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?
Får meir makt
Variasjonane er framleis store, men etter valet er ungdomar representerte i alle forsøkskommunane, og nokre av dei opplevde reine ungdomsboomen. I Stavanger er godt over ein fjerdedel av representantane i det nye bystyret under 30 år.
I Ålesund er det like under ein fjerdedel unge, trass i at byen låg nesten nedst på lista med berre seks prosent ungdomar i førre periode.
I Austevoll (Hordaland), Vågå (Oppland) og Kautokeino (Finnmark) er ein av fem folkevalde unge.
LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking
Debatten blussar opp
Debatten om 16-årig stemmerett er i ferd med å blusse opp att. Før påske, på Ungdommens Storting, sa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) at ho har skifta meining om stemmerettsalder.
– Stemmerett for 16-åringar har vore ein suksess, sa ho til Framtida.no.
Allereie i mai er det varsla at forskarrapporten om stemmerettsforsøket vil bli publisert, og at Kommunal- og regionaldepartementet vil kome med sine tilrådingar om vegen vidare.
Les fleire saker me har skrive om stemmerett!
Kva meiner du om stemmerettsalderen? Bør 16-åringar berre få stemma i lokalval?
Faktaboks
Tilhengar av stemmerett for 16-åringar:
Elevar i forsøkskommunar:
54 prosent for, 23 prosent mot.
Elevar i alle kommunar:
31 prosent for, 48 prosent mot
Svært eller nokså interessert i politikk:
Elevar i forsøkskommunar: 44 prosent
Elevar i alle kommunar: 38 prosent
Mest opptatt av lokalpolitiske spørsmål:
Elevar i forsøkskommunar: 40 prosent
Elevar i alle kommunar: 34 prosent
Nøgd med måten lokaldemokratiet fungerer på:
Elevar i forsøkskommunar: 77 prosent
Elevar i alle kommunar: 71 prosent
Trur lokalvalet får svært mykje eller mykje å seia for kva som skjer i kommunen og fylket dei neste fire åra:
Elevar i forsøkskommunar: 78 prosent
Elevar i alle kommunar: 71 prosent
Trur stemmeretten påverkar korleis kommunen og fylket blir styrt:
Elevar i forsøkskommunar: 60 prosent
Elevar i alle kommunar: 53 prosent
Kjelde: LNU
Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er ein interesseorganisasjon for 96 barne- og ungdomsorganisasjonar.