Fleire kommunar set opp kamera på skular. Elevrådsleiarar seier nei.

 

Fleire kommunar har teke i bruk kameraovervaking for å hindre hærverk. På Romerike har mellom anna kommunane Eidsvoll, Ullensaker og Nes satt opp kamera på einskilde skuler, skriv Romerikes Blad

I Eidsvoll har hærverket gått tilbake etter at kamera vart satt opp på 90-talet. Steinar Reinsberg i eigedomsforvaltninga i kommunen seier til avisa at overvakinga har hatt førebyggande effekt. 

Elevar seier nei
– Eg er svært kritisk til denne type overvaking av elevar, som både syner grunnleggande mistillit til elevar som gruppe og som etter vårt syn bryt med elevene sin rett til personvern, seier leiar Axel Fjeldavli i Elevorganisasjonen til framtida.no. 

Elevorganisasjonen ved fleire høve jobba aktivt mot kameraovervaking. 

I 2009 demonstrerte organisasjonen mot at Sandnes kommune i Rogaland skulle setje opp kamera på skuler i kommunen. 

LES OGSÅ: Meir skeptiske til overvaking

Berre kveld og natt
Datatilsynet er òg kritisk til kameraovervaking av skular, dersom overvakinga skal skje både dagtid og kveldstid. 

– At ein vel å setje opp kamera for å overvake bygningar på kveldstid er heilt greitt, det har vi forståing for. Men, vi aksepterer svært sjeldan overvaking på dagtid, seier informasjonssjef i Datatilsynet, Ove Skåra. 

Tilsynet har sett at kamera ved skuler har vorte brukt til å ta røykarar, lærar som kjem for seint og anna uvesentleg. 

– Viss kamera skal overvake på dagtid må det vere svært gode grunnar til det. Viss skuler til dømes har hatt belasta miljø i nærleiken, har vi akseptert at dei har latt kamera stå på på dagtid, seier Skåra. 

LES OGSÅ: Snur om narkorazzia på skulane

Men han understrekar at dette er unntak. 

– Det er på kvelden og natta det skjer hærverk og innbrot. Det er fullt akseptablet å ha kamera på då, seier Skåra. 

I Sverige og Danmark er det òg vanleg at ein er svært restriktiv med å ha kameraovervaking på skulane på dagtid. 

Skåra ber lokalmiljø, skule og kommune finne fram til kva som er problemet, før ein vel å setje opp kamera. 

– Det må vere ein diskusjon kor gjerne rektor og foreldreutvalet ved skulen er med. Forsking har vist at om eit område er meir lyst og attraktivt, kan det fungere betre enn kameraovervaking når det gjeld å forhindre hærverk. 

Elevrådsleiarane er imot
– Elevtinget som kvart år samlar fleire hundre elevrådsleiarar frå heile landet, har fleire år på rad gjort prinsipielle vedtak mot kameraovervaking i skulen, seier Fjeldavli. 

Bingsfoss ungdomsskule i Sørum i Akershus er ein av skulene som har vore utsett for hærverk no i sommar. Nokon har skote med luftgevær eller noko liknande inn gjennom fleire ruter. Skadane vart oppdaga i midten av juli. 

Ynskjer førebygging før kamera
– Eit førebels overslag syner at det vil koste kring 65.000 kroner å få bytta vindauga, truleg vil det verte ein del dyrare. Det er mange store ruter som må skiftast, seier vedlikehaldsansvarleg Lars-Arne Biedilæ i Sørum kommunale eigedomsselskap. 

LES OGSÅ: Lei av dårlege råd

Han fortel at førekomsten av hærverk ved skulane i kommunen, går i bølgjer. I år vil budsjettet for slike saker, sprengjast. Kommunen vurderer no ulike tiltak. 

– Vi tenkjer på kameraovervaking. Men i utgangspunktet ynskjer eg at vi ser på
førebyggande tiltak fyrst, seier Biedilæ.  

Kva meiner du? Er det ok med kameraovervaking på skulane?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE