Meir skeptiske til overvaking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga viser at 67 prosent av dei spurde seier ja til at styresmaktene burde ha rett til å avlytte telefonsamtalane til folk, ein nedgang frå 87 prosent for fem år sidan, skriv Aftenposten.

44 prosent av dei spurde meiner styresmaktene kan stoppa og ransaka tilfeldige folk på gata, ein nedgang frå 58 prosent i 2006.

50 prosent meiner det er greitt å halde folk i forvaring utan å stilla dei for retten. I 2006 meinte 53 prosent at dette var greitt.

– Eg opplever desse tala som eit svar på oppmodinga frå Jens Stoltenberg til å vera meir open og meir demokrati, seier Magnus Ranstorp som er forskar og terrorekspert ved den svenske forsvarshøgskulen. (©NPK)