Set skulen i arbeid!

Øyvind Osdal
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I engelsktimane kjem reiseskildringane på løpande band – på verkstaden og i bedrifta flyg dei tekniske termene i handbøkene rett over hovudet på elevar og lærlingar. Novelleanalysen i norsktimane ligg og gneg i bakhovudet og blandar seg med lukta av oljesøl, lydar av frenetisk hamring og stikket av ein lansett til blodprøver. Dette er eit tilfelle der almennfaga ikkje er almenne nok – dette er yrkesskulen i praksis.

Skal ein tru på elevane ved yrkesskulen, har ein tre verder å forhalda seg til i dag: irrelevant teori i klasseromet, oppstykking av skulekvardagen og ei opplæring som på ingen måte er «riktig» for det formålet den skal møta. Utgammalt utstyr, almennlærarar som ikkje kjenner til kvardagen på verkstaden og kjønnsdeling i klasseroma gjer ikkje akkurat noko for å forbetre problemstillinga. 

Men i desse tider, då ein allereie er i manko på lærarar og elevar fell frå som aldri før, kva kan ein gjera for å gjera skulekvardagen betre? Svaret er, merkeleg nok, ganske mykje – det einaste som trengst er vilje. Ein læreplan som faktisk kler yrkesfag må på plass – fagspråk, framandspråk, bedriftsliv og økonomi er alle felt som er etterlyste av elevane sjølve, og som bedriftene kjem til å verdsetta enormt. Og skulle ein, gud forby, få bedriftene med på laget før lærlingtida startar, kunne ein til og med hatt ferskt utstyr i verkstadane.

Men at ein skal sjå endringar på dette feltet med det fyrste er nok heller usannsynleg. For mykje står på ventelista allereie, og etterpå skal ein gjennom skjemavelde og behandlingar opp og nedføre før ein i det heile får vedtak på det. I mellomtida står bedriftene og trippar, og altfor få lærlingar kan det dei skal når dei skal ut i lære. Og dette skal ein byggja landet på.