Kvifor aukar forskjellane i skulen?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor aukar forskjellane?

Fleire får toppkarakterar og fleire stryk etter innføringa av Kunnskapsløftet. Dette gjeld i alle fag, ifølgje ei stor evaluering som NOVA har gjort.

Formålet med Kunnskapsløftet, som vart innført i 2006, var å auke det generelle kunnskapsnivået hos alle elevar i ungdomsskulen.

– Samstundes var det eit underliggande tverrpolitisk ynskje at reforma òg skulle bidra til at karakterane til elevane ikkje skulle vere så avhengig av tilhøve utanfor skulen, fortel NOVA-forskar Anders Bakken.

Tidlegare reformer har ført til stor auke i utdanningsrekruttering frå alle sosiale lag, men ingen tidlegare reformer har lukkast i å endre tilhøvet mellom skolekarakterar og den sosiale bakgrunnen til elevane i særleg grad.

LES OGSÅ: Fleire droppar ut frå skulen

Reforma har ikkje bidrege til å redusere skilnader
NOVA-forskarane har undersøkt om Kunnskapsløftet kan vere eit bidrag til å redusere sosiale skilnader i læringsutbytte på ungdomstrinnet – mellom jenter og gutar, mellom elevar med ulik sosioøkonomisk familiebakgrunn og mellom majoritetselevar og elevar med innvandringsbakgrunn.

– No har reforma vart i fem år. Analysane våre viser at han ikkje har ført til eit minska gap i læringsutbytte mellom desse elevgruppene, konstaterer Bakken.

Dei endringane dei finn, går heller i retning av at bakgrunnen til elevane og kjønn har fått meir å seie.

LES OGSÅ: Når skulen har feil fokus

Fleire får toppkarakter
Gjennom 2000-talet har det vore eit svakt aukande karakternivå. Karakterane er jamt over litt høgare under Kunnskapsløftet enn før; det gjeld både standpunktkarakterane og eksamenskarakterane.

Det er særleg dei gruppene som hadde høge karakterar frå før som har fått fleire seksarar: flinke jenter og elevar frå familiar med god økonomi.

LES OGSÅ: Delt i synet på lekser

1 av 30 manglar karakterar
Anders Bakken kan òg fortelje at det under Kunnskapsløftet har vore ein markant auke i delen som manglar karakter.

Delen blant avgangselevane som manglar minst halvparten av karakterane dei normalt ville hatt, har auka frå rundt éin prosent før Kunnskapsløftet til tre prosent i 2011. Det vil seie at 2000 av dei vel 60.000 avgangselevane i 2011 ikkje hadde nok karakterar til å få berekna grunnskolepoeng.

– Vi ser at denne utviklinga fell saman med at stadig fleire elevar på ungdomstrinnet har fått vedtak om spesialundervisning, forklarar Bakken til Nova.no.

– Ei tolking er at skuleleiarar og lærarar meiner at Kunnskapsløftets nye læreplanar er for ambisiøse for ein del av elevane, og spesialundervisning og fritak frå karakterar kan ha vore ein reaksjon på dette.

Hola i vitnemålet er ikkje tilfeldig fordelt. Noko fleire gutar enn jenter, klårt fleire elevar frå dei lågare enn dei øvre sjikta i det sosioøkonomiske hierarkiet.

LES OGSÅ: – Meir elevmakt er nøkkelen til verdas beste skule

Kvifor større forskjellar?
Forskarane har òg gjort seg tankar om korleis reforma kan ha bidrege til ei negativ utvikling.

Ein av forklaringane kan liggje i sjølve innhaldet i reforma.

– Når skulen har eit større kunnskapsfokus, så orienterer han seg i større grad mot den typen kompetanse som pregar bakgrunnen til og arbeidsdagen for den velutdanna middelklassa, fortel Bakken.

– Dei nye læreplanane, bruk av kartleggingsverktøy og ynskjet til skulen om meir foreldreinvolvering kan bidra til å gje borna til desse foreldra eit ekstra fortrinn.

Ein anna mogleg forklaring på auka skilnader kan vere endringar i lærarane sine vurderingspraksis.

– Reforma kan ha ført til at lærarane no medvite eller ubevisst legg meir vekt på å klassifisere elevar etter kunnskapsnivå og mindre etter t.d. innsats. Då kan endringar i vurderingspraksisen til lærarane føre til aukande sosial ulikskap i skulekarakterar, foreslår Bakken.

Ein tredje mogleg forklaring er rolla til foreldra, som kan ha vorte endra på grunn av debatten rundt og innføringa av Kunnskapsløftet. Fleire og fleire foreldre meiner at det er viktig at kunnskapsnivået i skulen blir heva. Jo høgare eiga utdanning foreldra har, jo større oppslutning er det om dette.