Fleire droppar ut frå skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Talet på elevar som fullfører vidaregåande etter fem år etter at dei byrja i vidaregåande opplæring gjekk ned med 1 prosentpoeng samanlikna med tala til fjoråret. Dette viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

Statistikken viser at 69 prosent av elevane som byrja i vidaregåande opplæring i 2006 fullførde og besto innan fem år etter at dei starta opp. Det er same del som for 2004-kullet, medan delen var 70 prosent for 2005-kullet.

– Delen som gjennomfører vidaregåande har lege på om lag 70 prosent dei siste femten åra. Det er for dårleg. For regjeringa er det difor ein høgt prioritert oppgåve å sørgja for at fleire fullfører og består vidaregåande opplæring, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil ha meir praksis i skulen

– Tala stadfestar at Ny GIV, prosjektet til regjeringa for å få fleire gjennom vidaregåande utdanning, er avgjerande for svært mange unge sin framtid, legg ho til.

Færre innvandrarar fullfører
Fråfallet i vidaregåande skule har vore nesten stabilt på 30 prosent sidan utdanninga blei lagt om i 1994.

For innvandrarar er det berre rundt 50 prosent som klarar å fullføra.

LES OGSÅ: Norske elevar på droppe-toppen

62.000 elevar starta grunnkurs i 2006. Halvparten fullførde med studiekompetanse, 20 prosent med yrkeskompetanse, medan vel 30 prosent ikkje oppnådde nokon formell kompetanse. Av dei som ikkje oppnådde nokon kompetanse, var 5 prosent enno i vidaregåande opplæring, 7 prosent hadde gjennomført Vg2 eller gått opp til fagprøve, men ikkje bestått. 18 prosent hadde slutta undervegs.

Færre gutar fullfører
Av dei som starta vidaregåande opplæring i 2006, var det 74 prosent av jentene og 65 prosent av gutane som oppnådde studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år. Blant innvandrarar er kjønnsforskjellane endå større, 40 prosent av innvandrargutane har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år, mot 60 prosent av innvandrarjentene.

LES OGSÅ: Psykisk sjuke elevar fell frå

Karakterane frå ungdomsskulen og utdanningsnivået til foreldra spelar også positivt inn på kven som fullfører vidaregåande. Når foreldra har lang høgare utdanning fullfører ni av ti elevar innan fem år.

Sogn og Fjordane på topp
Sogn og Fjordane var fylket med flest elevar som starta på vidaregåande opplæring i 2006.

LES OGSÅ: Fråfallet lågast i vest

77 prosent av elevane oppnådde studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år. Akershus, Oslo, og Rogaland ligg like rett etter med høvesvis 75, 74 og 73 prosent. Dårlegast ut kjem dei tre nordlegaste fylka, og dessutan Østfold, der fråfallet varierer frå 52 til 34 prosent.