Delt på midten i synet på lekser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

At foreldra er ueinige i synet på lekser, kjem fram av ei undersøking som Foreldreutvalet i grunnopplæringa har fått gjennomført, skriv Aftenposten.

– At så mange vil fjerne leksene, er nok skuld i at mange ikkje føler dei strekkjer til som leksehjelparar. Og at foreldra er i ei tidsklemme, seier leiaren i utvalet, Christopher Beckham.

LES OGSÅ: Gjer meir lekser og skulkar mindre

62 prosent meiner leksene er tilstrekkeleg forklart på skulen, mens 38 prosent er ueinig. Undersøkinga viser også at 36 prosent av foreldra føler dei av og til ikkje strekkjer til som leksehjelparar.

Utvalet går inn for å behalde leksene, men krev i staden at det innførast gratis leksehjelp også på ungdomsskolen. I dag er tilbodet øyremerkt barn frå første til fjerde klasse.

KOMMENTAR: Til streik mot leksene!

Forskar Marte Rønning i Statistisk sentralbyrå har funne ut at lekser har ein liten, men positiv effekt på skuleresultata, men effekten er negativ for elevar frå ressurssvake heimar, understrekar ho. (©NPK)

Kva meiner om lekser? Fører dei til unødvendige forskjellar i skulen? Eller bra for å øva på ting ein lærer på skulen?