Halvorsen vil redda nynorsken

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) møtte fredag i løvas hule, landsmøtet i Noregs Mållag i Oslo. Der kom ho for å svara på utspelet sitt om å tone ned sidemålsundervisninga i norskfaget tidlegare i år.

– Det er lett å bli misforstått kva ein meiner noko om. Det hadde vore enklare å ikkje gjera noko. Men det ville vore eit forvitringsscenario, sa Halvorsen.

– Det går ikkje heilt fint om alle tar seg saman. Me har ein sjanse no. Viss me ikkje gjer noko er nynorsk borte om nokre tiår, det er min påstand, heldt ho fram.

– Eg ønskjer å invitera dykk til å vera med på ein diskusjon der resultatet er at me skal styrkja nynorsk både som hovudmål og som sidemål, sa ho til målfolket og hausta applaus for det.

Utelukkar ikkje karakter
Utdanningsdirektoratet føreslo i januar å fjerna sidemålskarakteren i norskfaget i den nye læreplanen som no er under arbeid. Kristin Halvorsen sa ein ikkje kan halda fram som før med norskfaget. Utspelet førte til rekordinnmelding i Mållaget. Så langt i år har Mållaget fått 2028 nye medlemmar.

LES OGSÅ: – Ivar Aasen ville snudd seg i grava

Til landsmøtet i Noregs Mållag sa kunnskapsministeren at det ikkje er snakk om å fjerna den skriftlege sidemålsundervisinga.

– Kanskje ein muleg variant er eigen sidemålskarakter på 2. trinn på vidaregåande, sa ho, og la til at bokmålselevane treng fleire gode grunngjevingar for kvifor dei skal læra nynorsk på skulen. – Dei må få ei skikkeleg grunngjeving for kor viktig språk er, og kvifor ein treng å læra det. Det må meir kjærleik til i grunngjevinga.

Vil styrkja hovudmålet
Kristin Halvorsen er glad for å ha fått med seg Mållaget i ei ressursgruppe som skal sjå på korleis nynorsk som hovudmål kan styrkjast.

Ho meiner det er  alvorleg når berre kring halvparten av dei som byrjar på skulen med nynorsk som hovudmål framleis har det når dei går ut av vidaregåande.

– Det er veldig skralt med læremiddel på nett på nynorsk, sa ho som eit døme på kva som kan gjerast betre.

Til hausten er Utdanningsdirektoratet venta å vera ferdig med framlegget til ny læreplan for norskfaget. Etter dette skal framlegget ut på høyring før regjeringa gjer eit endeleg vedtak.

KOMMENTAR: Kvardagshistorier frå elevdjupet 

Kva meiner du skal til for å gjera norskfaget betre?

Faktaboks

Utdanningsdirektoratet føreslo i januar å fjerna sidemålskarakteren i norskfaget i den nye læreplanen som no er under arbeid. Kristin Halvorsen uttalte i eit intervju med Dagsavisen at ein ikkje kan halda fram som før.