Bokmålsboom i Hordaland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Hordaland fylkeskommune viser at 91 prosent av elevane i den vidaregåande skolen i fylket no har bokmål som hovudmål. Berre 9 prosent held fast på nynorsken.

Fråfallet er stort, for i 2011 hadde 34 prosent av elevane på siste trinnet i ungdomsskolen nynorsk som hovudmål, fortel Bergens Tidende.

Trenden er gjennomgåande i fylket og er like tydeleg i typiske nynorskkommunar som Sund og Fjell på Sotra. Ved Sotra vidaregåande skule er bokmålsprosenten heilt oppe i 98 prosent. Berre 8 av dei 357 elevane der har nynorsk som hovudmål.

LES OGSÅ: Norsktimar utanom det vanlege

– Skolen sviktar
Leiar Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag seier at målbyte særleg er eit problem i nynorske randområde som Sotra. Han gir skolen skulda for det store fråfallet.

– Vi veit at det er mykje språkbyte i område med språkblanda skolar. Når dette skjer, meiner eg at det er skolane som har feila i det oppdraget dei har etter læreplanen i norsk. Den seier, kort sagt, at språkleg sjølvtillit er eit hovudmål for opplæringa i norsk gjennom heile grunnopplæringa. Der feilar skolen desse randområda, seier Øvregård.

Han peikar på at situasjonen elles stort sett er annleis i område der nynorskelevane er i fleirtal, slik som i Sogn og Fjordane. I skoleåret 2009/2010 var det berre 5 prosent av elevane ved Firda vidaregåande skule som hadde bytt hovudmål gjennom skolegangen, ifølgje tal som Mållaget har henta inn.

Elevar som Bergens Tidende har snakka med, forklarer målbytet med at dei synest bokmål er lettare å lese og skrive. Svara peiker i same lei som ei undersøking Mållaget gjorde i 2010 om det store målbytet i Valdres.

Der sa ungdommane at dei bytte til bokmål fordi nynorsk er vanskeleg, og fordi nynorskbrukarane er i mindretal.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

– I Noreg i dag er det lettare å lære seg å skrive bokmål enn nynorsk fordi ein ser så mykje meir bokmål rundt seg. Der nynorsk er opplæringsmålet, er det heilt avgjerande at elevane møter nynorsk i så stor grad som mogleg, at teksten på tavla er på nynorsk, at vekeplanane er på nynorsk og så vidare, seier Øvregård.

Halvparten byter
På landsbasis fell nynorskdelen frå 13,2 til 6,7 prosent i overgangen frå grunnskole til vidaregåande skole, ifølgje tal frå Kunnskapsdepartementet.

Fredag denne veka møtest for første gong ressursgruppa for nynorsk som hovudmål. Kunnskapsdepartementet oppretta gruppa i kjølvatnet av sidemålsdebatten i vinter for å sjå kva som kan gjerast for å stoppe nynorskfråfallet i skolen.

LES OGSÅ: – Ivar Aasen ville snudd seg i grava

Mellom anna skal gruppa vurdere eit framlegg om å gi ekstrapoeng til nynorskelevar ved opptak til høgare utdanning. Gruppa skal dessutan sjå på korleis lærarkompetansen kan styrkjast og korleis ein kan få betre nynorske læringsressursar på nett.

Kva kan skulen og politikarane gjera for at fleire skal halda på nynorsk, meiner du?