– Ivar Aasen ville snudd seg i grava

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historias første Ungdomens storting fekk besøk av kunnskapsminister Kristin Halvorsen tysdag.

– Sidemålet tek mykje unødvendig tid, og bidreg til at dei svake elevane blir svakare, byrja Stephan Johansen frå Østfold.

– Dette smakar av latskap. Kvifor ikkje kutta ut geografi også? Det er eit vanskeleg fag, synest eg, svara Bengt Magnus Sjøberg Carlsen frå Porsgrunn i Telemark. Dermed var det klart for sidemålsdebatt i Lagtingssalen, trass i at ordstyrarbordet undervegs måtte seia at det ikkje var på dagsorden denne dagen.

– Nynorsken er ein del av norsk kulturarv og er noko ein må ta vare på, sa Mathilde Ø. Sjåvik frå Nord-Trøndelag, og får støtte frå Ida Skogmo frå same fylke.

LES OGSÅ: Endeleg nynorsk

Valfritt eller ikkje?
Begge representantane frå Sogn og Fjordane er tilhengjarar av valfritt sidemål

– Mange må hugsa på at nynorsk ikkje berre er sidemål. Det er òg hovudmål for mange. For å styrkja nynorsken meiner eg det er viktigast at me som har det som hovudmål blir betre i det, sa Vilde Tøfte Øvstetun frå talarstolen. Frå same talarstolen oppmoda ho alle til å bli med i Noregs Mållag.

– Eg er for valfritt sidemål eg òg. Men eg likar ikkje heilt tonen i debatten. Det er mange som set likskapsteikn mellom sidemål og nynorsk – slik er det jo ikkje for mange på Vestlandet, seier Benjamin Hellesen Heimset frå Flora til Framtida.no.

– Eg er litt meir redd for at valfritt sidemål kan svekkja nynorsken. Eg trur nok Ivar Aasen ville snudd seg i grava om til dømes Ørsta blei bokmålsland, sa Janne-Katrin Hansen Sævik frå Herøy i Møre og Romsdal, og elev ved Volda vidaregåande.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

– Heilt urealistisk
Striden om sidemål byrja med eit brev frå Utdanningsdirektoratet til kunnskapsministeren tidlegare i vinter. Til Ungdommens storting sa Kristin Halvorsen dette om sidemål:

– Det er altfor mange elevar som no vel vekk nynorsk som hovudmål. Det er berre seks-sju-prosent av elevane på vidaregåande som har det på vidaregåande. Så eg er uroa for nynorsken som hovudmål, og meiner at det er avgjerande å prøva å styrkja det.

– Så er det sånn at kompetansemåla i hovudmål og sidemål er like. Det betyr at om ein skal følgja kompetansemåla slik dei ligg føre i dag, så skal elevane vera like gode i hovudmål og sidemål – sjølv for dei bokmålselevane som starta med nynorsk på ungdomsskulen.

– Det er heilt urealistisk. Det er heilt umuleg å bli like god i sidemålet, det du blir introdusert for seint i skuleløpet, og det som er morsmålet ditt som du byrja med på skulen. Då må me sjå på mål som er realistiske å nå.

ARE KALVØ: Rautegauken kjem!

Dei som skal bera nynorsken
– Mest kontroversielt er spørsmålet om eksamen. Den diskusjonen skal me la gå litt, i snautt eit års tid, der skal de få vera med på å koma med innspel, sa Halvorsen.

– Eg meiner me må introdusera nynorsk for alle elevar mykje tidlegare. Inn i barnehagen, les tekstar i alle mulege samanhengar. Og så må ein introduserast for det skriftlege utan at motivasjonen fell heilt ut av elevane.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

– Me finna måtar som gjer at bokmålselevar ikkje får ein så negativ haldning til nynorsk som dei har. Det gjeld òg lærarane deira òg. Det er ei vanskeleg sak å vinna. Mitt mål er at me må finna ein meir lystbetont, meir relevant, meir aktiv måte å introdusera nynorsk for ungane. Og så må me sørgja for at dei som har nynorsk i barneskulen og på vidaregåande held på det i vidaregåande skule.

– Det er dei som kjem til å bera nynorsken på sine skuldrer, avslutta Kristin Halvorsen (SV).

Kva meiner du? Bør ein framleis ha eksamen og eigen karakter i sidemål?