Kristin Halvorsen (SV) om trynefaktor, helsesøstrer, elevombod og ein meir praktisk skule.

mm

Tysdag var kunnskapsministeren i Ungdommens storting for å bli utfordra av ungdom frå heile landet på skulepolitikk.

Morten Boye frå Akershus leia komiteen for utdanning og elevmedverknad. Han tok til orde for lovfesting av undervisingsevaluering.

– Er det noko de skal ta opp med lærarane som ikkje er så greitt, så er det lurt å gå til rektor med det. Rektorane skal tena elevane sitt beste. Så skal dei jobba saman med lærarane for å få dette til, svara Kristin Halvorsen.

– Eg veit om utruleg gode lærarar som har blitt upopulære fordi dei har vore nøydde til å ta grep i klassen. Og det finst sjølvsagt heilt håplause lærarar som ikkje høyrer heime i skulen. Men då må ein gå til rektor. Det er rektor sitt ansvar å gjera noko med dette.

Les òg: – Norske elevar er fantastiske

– Veks på evaluering
– Alle veks på evaluering, så lenge det ikkje blir ein lettvindt Idol-konkurranse, sa Kristin Halvorsen.

Karl Petter Rygh frå Vestfold fortalde om eit opplegg frå fylket sitt der elevane får fylla ut anonymt kva dei meiner om undervisinga, og at klassen saman med klassetillitsvalde går gjennom tilbakemeldingane saman med lærarane.

Morten Boye understreka at det er forskjell på undervisingsevaluering og lærarevaluering.

– Det er korleis undervisinga er me vil seia meininga vår om, understreka han.

Det viktigaste
– Dei to viktigaste sakene for meg er at fleire fullfører vidaregåande gjennom blant anna ei meir praktisk yrkesretta opplæring og at ungdomsskulen blir meir praktisk og relevant, sa Kristin Halvorsen til Ungdomens storting.

Ho ytra skepsis til kravet om å innføra lovfesting av elev- og lærlingombod i fylka.

LES OGSÅ: – Eg har skifta meining om stemmerett

– Den ballen må dykk ta med fylka dykkar, sa ho.

Og når det gjeld krav til kompetansen til rådgjevarane i skulen, seier ho dette:

– Me må utdanna fleire rådgjevarar før me kan stilla krav.

Trynefaktoren
Kunnskapsministeren måtte òg svara på spørsmål om trynefaktor og innføring av anonym retting av prøvar.

LES OGSÅ: – Ivar Aasen ville snudd seg i grava

– Eg trur ein lærar ofte vil kjenna igjen elevane sine i innleveringane, sjølv om dei er anonyme. Det kan vera ting ein kjenner igjen, som språklege vendingar til dømes. Men det som går an for ein del lærarar er å byta bunkar. Ein god norsklærar kan gjerne byta bunkar med ein kollega, og testa seg sjølv litt. For det er ganske vanskeleg å vera lærar. Ein lærar må forhalda seg sakleg, konstruktivt, oppmuntrande og ønskja alle 30 elevar sitt beste – og det er vanskeleg å lika alle like godt, sa ho.

Helsa
– Det er forskjell på helsesøstertilbodet. Nokre stader er det berre nokre timar i veka. Det er grunn til å stilla spørsmål om dette er godt nok, sa Mads Adrian Hansen, frå Troms.

– Elevar har mange saker dei gjerne skulle ha snakka med nokon vaksne om, og lærarane må få lov til å konsentrera seg om dei faglege spørsmåla. Eg har eit sterkt ønskje om at alle kommunane prioriterer å ha ei god helsesøsterteneste. Det vil bidra til meir helse. Så det skal eg følgja opp, lova kunnskapsministeren.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE