– Regjeringa sviktar elevane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Elevane har vorte gløymt, seier Andreas Borud, leiar i Elevorganisasjonen.

– Elevane går på skular som ikkje oppfyller lova. Skulebygg forfell, elevane fell frå fordi rådgjevarane ikkje har nok kompetanse og det er skrikande mangel på læreplassar, seier Borud.

– Ikkje gratis skule
Han peikar òg på at gratisskuleprinsippet ikkje blir ivaretatt.

– Stipendsatsane står på ingen måte i stil med dei reelle kostnadane elevane har. Ved nokre linjer får elevar i vidaregåande fleire tusen kroner i året i utstyrsutgifter som ikkje blir dekt av stipend. Dette har elevane og Elevorganisasjonen påpeika i lang tid, utan å bli høyrt av regjeringa, seier ein oppgitt Borud.

GÅ TIL TEMASIDA FOR STATSBUDSJETTET!

– Regjeringa er fullt klar over at skulen har store utfordringar, blant anna knytt til fråfall. Skal ein skape ein god skule, som tek utfordringane på alvor, er satsingar som Ny GIV på ingen måte nok åleine, slår han fast.

– Det er meiningslaust å snakke om ein god skule for alle om skulebygga er så dårlege at elevane blir sjuke, og det er meiningslaust å påstå at arbeidet mot fråfall held mål når mange tusen elevar aldri får læreplass. Me hadde ynskt oss eit statsbudsjett som tok elevane på
alvor, avsluttar leiaren av Elevorganisasjonen.