Når skulen har feil fokus

Åse Bjorvatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av tre fullførar ikkje vidaregåande opplæring. Nesten ein av fire opplever å bli mobba på skulen. På den andre sida gjer me det betre enn før på internasjonale kunnskapsundersøkingar. Det skal me vere glade for. Likevel har den norske skulen langt igjen før eg vågar kalla ho “god”.

Alle politiske parti i Noreg er samde om at noko må gjerast. Venstresida har lenge fronta heildagsskulen som metode for sikre god og variert undervisning for alle. Også Høgre og FrP støttar utvidinga av timetallet for dei minste. Samstundes bråkast det bort 20-30 % av kvar skoletime.

Då er dette ikkje nødvendigvis fleire timar som skal til…

Eg trur ikkje at heildagsskulen er den optimale løysinga. Det blir litt som ein dårleg dramafilm, han blir ikkje betre av å vare lenger. Nei, det er kvaliteten ein må gjere noko med.  Sånn er det også med skulen. Kvifor bruke 6-8 milliardar på fleire timar, når forsking seier at kvaliteten i er viktigast? KrF vil heller bruke pengane på fleire og betre lærarar som kan følgje opp dei timane me har i dag. Me ønskjer meir tilpassa undervisning, meir valfag og praksis så kvar elev kan oppleve meistring i skulekvardagen. Sånn vil me skape motivasjon, og då vil færre hoppa av vidaregåande utdanning.   

Kunnskap og trivsel må sjåast i samanheng. Det er lite trøyst å ha all kunnskap om ein mistrivast, blir mobba, er einsam eller slitar på andre måtar. Då KrF satt i regjering, innførte me ein nullvisjon mot mobbing. I 2004 blei 75 % færre mobba enn i 2002. Etter at Stoltenberg-regjeringa overtok, har mobbinga auka med 70 %. Eg er overtydd om at dei raudgrøne ønskjer mindre mobbing. Problemet er ikkje viljen, men evna til å gjere noko med det. KrF vil fjerne ventetida i psykisk helsevern. Me vil styrke skulehelsetenesta, og me vil innføre mobbeombod i alle fylka.

Medan me ventar på at regjeringa (eventuelt bytar regjering), vil KrF ta tak i mobbinga lokalt.   

“Den norske skulen er god. Etter seks år med raudgrøn regjering viser internasjonale undersøkingar framgang på viktige område.” Det skriv SVs Robert Klippe på partiet sine heimesider og visar til den internasjonale PISA-undersøkinga. I 2006 fekk Noreg rekordlåge resultat, men no har tendensen snudd. Det skal me vere glade for, men me må ikkje vere ukritiske. PISA målar nemleg ikkje kvaliteten i skulen, men kompetanse i matematikk, naturfag og lesing hos 15-åringar.

Eg er redd skulen i for stor grad styrar mot å gjere det godt i PISA. Då er det lett å gløyme dei praktisk flinke, verdien av meistringskjensle og kampen mot mobbing. KrF ønskjer ein skule som kan førebu oss på livet. Me ønskjer ein skule som gir oppleving av meistring, relasjonskompetanse og hjelp til å takle oppturar og nedturar. Det er ein skule med rett fokus.