Vil ha meir praksis på skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis kan ein motivere elevar til å fullføre vidaregåande opplæring?

– Det som kan gjerast for å motivere elevar til å fullføre den vidaregåande opplæringa er å gjere faga meir interessante og meir ungdomsvenleg. Dette kan gjerast ved å legge inn meir praksis i faga og høve til å få vere utplasserte i arbeidsliv under utdanninga. Då fer ein prøve ut det ein har lært i undervisninga i praksis, noko som kan auke engasjementet og gjere at ungdom skjønner kvifor ein har dei ulike faga på timeplanen.

Korleis kan ein skaffe fleire lærlingplassar, og bør retten til lærlingplass lovfestast?

– Ein bør oppfordre bedrifter til å ta til seg lærlingar og lønne dei som gjer det. Og lærlingplass bør lovfestast.

Kva skal ein gjere for dei som står utan læreplass på kort sikt?

– Det offentlege må ta meir ansvar i å skaffe læreplassar. Det skal vere mogleg å få kunne ta lærlingtida si i den kommunen ein har gått på skule i eller bur i. Og dersom det ikkje er mogleg må det offentlege ta til seg lærlingar i den offentlege sektoren.

Kvart år vel tusenvis av elevar ”feil” linje på vidaregåande, og må velje om att året etter. Kva kan ein gjere for at elevane vel rett i fyrste omgang?

– Ein av dei største grunnane til at elevar hamnar på feil linje på vidaregåande har mykje med rådgjevinga på ungdomsskulen å gjere. Ein må få vekk den tankegangen om at dei som ikkje har dei beste karakterane “passar” best på yrkesfag og den andre vegen rundt. Det som kan gjerast for å førebygge dette er å bruke ungdom som sjølv gjeng på vidaregåande som ein del av rådgjevingstenesta på ungdomsskulen. Då får ein informasjonen direkte frå den personen som har gått ei spesiell linje og litt nærare kjennskap til korleis det er med miljø, arbeidsmengde og andre faktorar som kan vere med på bestemme om nokon trivst eller ikkje. Men då må det seiast at desse ungdommane på vidaregåande ikkje skal ta over rådgjevarjobben, men vere eit tilskot til dagens ordning.

Kva må gjerast for å sikre at elevane får reell tilpassa opplæring?

– Fleire prøver som kartlegg kva nivå ein elev er på, slik ein kan vite gjennom resultat kven som har behov for tilpassa opplæring.

Mange elevar må betale store summar for utstyret dei brukar på skulen, særskild på yrkesfag. Kva kan gjeras for å ivareta gratisprinsippet?

– Auke stipendordningane slik at dei som går yrkesfag og andre linjer der det er krav om at ein må ha mykje utstyr får det ein treng.

Mange opplev at eksamen er ein urettferdig måte å bli vurdert på ved slutten av skulegongen. Kva kan gjeras for at vurderinga blir rettferdig?

– Slik ordninga er i dag med ein endeleg eksamen i slutten av eit skuleår skal fortsette på same måte vidare. Det er den mest rettferdige måten å måle sluttkompetanse på. Men det som kan gjerast er å førebu elevane på slik det blir på eksamen. Dette kan gjerast med blant anna anonyme tentamenar og la ein anna lærar rette prøver, for å få ei reell oppleving av eksamenssituasjonen.

Kva kan gjerast for at den enkelte elev skal få meir å seie i sin skulekvardag?

– Ha fleire klasserådstimar der elevane og lærarane set saman og legg fram saker som er viktige både for lærar og elev. Og ikkje bruke desse timane til å ta igjen alt det andre ein ikkje har fått gjort tidlegare i veka. Elles så må ein oppfordre til arbeid i elevråd, få til fungerande elevråd som viser sunne haldningar og som er ein stad ein kan ta opp ting som har med elev og skulemiljø.

Kva kan ein gjere for å sikre at norske skulebygg er i forsvarleg stand?

– Setje av nok pengar i budsjetta til vedlikehald og styrkje kommuneøkonomien slik at lokalpolitikarane har rom i budsjetta sine til dette.

Korleis kan ein finne mange nok lærarar som er motiverte til å gjere ein god jobb, samstundes som dei har høg fagleg og pedagogisk kompetanse?

– Slik det er i dag, så er tanken om at “ein kan no alltids bli lærar” ganske utbreidd. Denne tankegangen må vekk dersom ein vil ha motiverte, pedagogisk og fagleg kompetente lærar. Lærarordningane er ikkje så dårlege som folk vil ha det til. Difor må det tiltak til i skulen å oppfordre elevane til å velje læraryrket.

LES OGSÅ: – Ikkje berre traktor

Faktaboks

Før sommaren spurte Framtida.no Elevorganisasjonen om dei kunne koma med ti viktige spørsmål om skulen som me kunne stilla til politikarane. LES SAKA! Me har stilt spørsmåla til unge politikarar i Møre og Romsdal. Sjå kva dei svarar:

Simon Molvær Grimstad (KrF): 4. september

Marit Nerås Krogsæter (Sp): 5. september