Utfordrar politikarane på skule
Sjå spørsmåla som Elevorganisasjonen stiller politikarane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Før sommaren spurte Framtida.no Elevorganisasjonen om dei kunne koma med ti viktige spørsmål om skulen som me kunne stilla til politikarane.
Her er dei ti spørsmåla:
– Korleis kan ein motivere elevar til å fullføre vidaregåande opplæring?
– Korleis kan ein skaffe fleire lærlingplassar, og bør retten til lærlingplass lovfestast?
– Kva skal ein gjere for dei som står utan læreplass på kort sikt?
– Kvart år vel tusenvis av elevar ”feil” linje på vidaregåande, og må velje om att året etter. Kva kan ein gjere for at elevane vel rett i fyrste omgang?
– Kva må gjerast for å sikre at elevane får reell tilpassa opplæring?
– Mange elevar må betale store summar for utstyret dei brukar på skulen, særskild på yrkesfag. Kva kan gjerast for å ivareta gratisprinsippet?
– Mange opplever at eksamen er ein urettferdig måte å bli vurdert på ved slutten av skulegongen. Kva kan gjerast for at vurderinga blir rettferdig?
– Kva kan gjerast for at den enkelte elev skal få meir å seie i sin skulekvardag?
– Kva kan ein gjere for å sikre at norske skulebygg er i forsvarleg stand?
– Korleis kan ein finne mange nok lærarar som er motiverte til å gjere ein god jobb, samstundes som dei har høg fagleg og pedagogisk kompetanse?
I dagane fram mot valet vil Framtida.no presentera svara til fleire unge politikarar som me har spurt.