– Må bli lønsamt å velja miljøvennleg
Hans Nyvold Kjellby (H) svarar på spørsmål om miljø, klima og kollektivtrafikk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Må bli lønsamt å velja miljø- vennleg
Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?
– Dette er eit svært omfattande spørsmål. Hordaland Høgre har svært mange tiltak som skal gjennomførast, eg vil difor avgrensa svaret mitt til dei viktigaste. For det første vil Hordaland Høgre leggje til rette for at fleire reiser kollektivt. Vi vil generelt ha hyppigare avgangar på buss, fleire ekspressruter på buss, og ei fortsett utbygging av bybanen i Bergen, og byggja ut innfartsparkeringar slik at det blir enklare å kombinere bil med bane/buss.
– Vi vil òg ta bompengesystemet i bruk for å få bilistane til å bruka meir miljøvennlige bilar, ved at dei som forureinar minst betalar minst for å kome inn til sentrum i Bergen, og omvendt.
– Ei av hovudårsakene til dei store utsleppsproblema i Bergen sentrum er cruisetrafikken. Difor ynskjer vi i Høgre at hamna i Bergen skal elektrifiserast slik at cruiseskip som ligg til land ikkje slepp ut klimagassar som forureinar.
– Hordaland er eit av dei fylka som slepp ut aller mest Co2 i landet. Det er fleire årsaker til det, men ein av hovudårsakene er Mongstad. Difor vil Høgre jobba for at Mongstad blir verdsleiande innanfor karbonfangst og -lagring, ved å utvikla Testsenter Mongstad og Carbon Capture Storage.
Vil de fasa ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?
– Ja, og arbeidet er allereie i gang.
Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?
– Ja. Dette har dei hatt stor suksess med i Sør-Trøndelag, og vi vil i Hordaland gjennomføra ein konkret studie med sikte på å redusere og effektivisera energibruken betydeleg, og følgja opp med gjennomføring av tilrådde tiltak
Vil de skifta ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?
– Den fylkeskommunale bilparken er liten og dei som fylkeskommunen eig er stort sett innanfor områdde varebilar og arbeidsbilar der det ikkje finst gode alternativ per i dag. Høgre vil gå inn for å bruka miljøvennlege løysingar ved fornying av bilparken når slike alternativ finst.
Vil de innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?
– Vi har i denne perioden senka grensa for månadskort, men har ikkje programfesta ei øvre grense på månadskorta.
Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?
– Ja. Vi vil fortsetje utbygginga av bybanen, vi vil ha hyppigare avgangar på buss, og dessutan fleire ekspressavgangar som køyrer direkte, fleire snøggbåtsamband og dobbeltspor til Arna.
Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?
– Hordaland Høgre ynskjer ikkje å tvinge folk til å la bilen stå. Mange stader i fylket finst det heller ikkje alternativ til privatbilen. Men vi ynskjer likevel å leggje til rette for gode alternativ til bilen, gjennom auka satsing på buss, bane og snøggbåt. Vi vil òg, der der det finst gode alternativ til privatbilen – i større grad gjere det økonomisk lønsamt å velje mindre forureinande alternativ, gjennom ordninga med differensierte bompengar som nemnt ovanfor.
Vil de leggja til rette for produksjon av fornybar energi?
– Ja. Vi vil bruke dei høva vi har for å leggje til rette for produksjon av fornybar energi. Vi vil blant anna gje tilskott i Innovasjon Noreg og leggja til rette for ytterlegare utbygging av småkraft.
Faktaboks
Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:
Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august
Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august
Silje Hjemdal (FrP): 29. august
Viktoria A. Dahl (SV): 31. august
Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september