Verst i ungdomsskulen, meiner leiaren i Ungdommens fylkesutval i Hordaland.

mm

Ungdommens fylkesting i Hordaland går inn for strengare krav til rådgjevinga elevane får.

– Nokre får den hjelpa dei treng, men diverre ikkje alle. Rådgjevinga er i dag for dårleg til at det er eit fullverdig tilbod for usikre studentar og elevar, seier leiar Karl-Erik Strøm Skogseid til Framtida.no.

– Ein god rådgjevar er lett tilgjengeleg, og følgjer opp den einskilde eleven. Personen må ha evne til å kunne føre ein sakleg dialog på nivået til ungdomen for å hindre at ungdomen blir endå meir usikker.

Særleg problem på ungdomsskulen
– Me meiner at rådgjevarane kunne vore flinkare til å marknadsføra seg sjølv overfor dei yngre elevane, slik at dei betre veit kva tilbodet inneber, seier Strøm Skogseid.

– Det er særleg viktig at rådgjevingstenesta i ungdomsskulen blir langt betre. Dette fordi dei sjølv er mindre klar over kva dei vil, og kva interessene og eigenskapane dei har kan brukast til. Me ser dette igjen i fråfall, fordi elevane ofte må velja om att fleire gonger til dei omsider finn ei retning som passar for dei. Dette tapar samfunnet store ressursar på.

Det burde bli slik at dersom ein elev har eit spørsmål, så er det rådgjevar sitt ansvar å finna eit svar på dette spørsmålet.

Set krav
Ungdommens fylkesting i Hordaland meiner Hordaland bør utgreia kva krav ein skal setja til rådgjevingstenesta. I handlingsprogrammet sitt set ungdommane mellom anna desse krava til rådgjevinga:

– talet på rådgjevarar og  tilgjenge skal reflektera mengda elevar ved skulen dei er rådgjevar på.
– uavhengig av elevtalet skal skulane ha ein rådgjevar med minimum 50 prosent
stilling.
– rådgjevaren skal ha utdanning i samsvar med stillinga utover eventuell
lærarutdanning, slik at det ikkje blir tilsett personar i rådgjevarstillinga som
ikkje har tilfredsstillande kompetanse.
– rådgjevarane skal ikkje vere tilsett som lærar på den skulen dei er rådgjevar på.
– lovpålegget om etterutdanning av rådgjevarar må handhevast.
– alle elevar skal bli kalla inn til rådgjeving for vidare studieval.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.29
ANNONSE