Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit nytt dataspel skal lære born korleis dei skal leve med diabetes, melder Forskning.no.

– Spelet skal gjere prosessen med å verte van med eigen sjukdom lettare. Målet er at spelaren ubevisst får ei intuitiv forståing av samanhengen mellom matinntak, aktivitet og blodsukker, seier Svein-Gunnar Johansen.

Han er forskar ved Nasjonalt senter for e-helseforsking i Tromsø, og tek ei doktorgrad i informatikk. Ein del av arbeidet er å utvikle dataspelet.

Hovudmålgruppa til spelet er born i alderen 8 til 12 år som har diabetes type 1, og først og fremst dei som bur i distrikta, der ein kanskje ikkje møter mange andre born med same diagnose.

Les også: – Spel er ikkje berre spel

Diabetes-cyborgar

Spelet er sett i ei fjern framtid. Alle spelkarakterane er menneskerobotar, såkalla cyborgar, som har diabetes. Den store utfordringa er at dei må kjempe for tilgangen til medisin og behandling.

Johnsen fortel Framtida.no at det er to lag som kjempar mot kvarandre. Borna skal velje tre spelkarakterar med forskjellige evner til å delta i kampen.

Borna må sørge for at spelfigurane vert sterke. I spelet må dei difor ta stilling til ulike typar mat, medisin og trening. Om ein gjer gode val kan ein få superkrefter, men gjer ein dårlege val mister ein spel-liv.

diabetes, diabtes-spel, serious games

Dette er fra skjermen det ein administrerer individuelle spelkarakterar si næring og insulin, fortel Johansen.

Den spelaren som meistrar sjukdomen best, vert den som sankar flest poeng og kjem lengst.

Ein av grunnane til at spelefigurane er cyborgar, er for at ein skal ha høve til å velje feil, skriv Johansen i ein vitskapeleg artikkel i Linköping Electronic Conference Proceedings. Borna lærer best og mest effektivt når dei kan eksperimentere, og robotar kan reparerast slik at spelet kan halde fram og borna kan prøve på nytt.

Forskarane håpar at born med diabetes skal lære om sin eigen sjukdom, og samstundes skape eit nettsamfunn der dei får støtte frå jamaldringar med same diagnose.

Dei ynskjer også at foreldre og venner skal få betre innsikt, og at stigmaet rundt diabetes skal verte mindre.

dataspel, diabetes,

Ein har ein eigen stall med spelkaraterar, og før ei runde skal ein velje 3 stykker som skal delta i kampen.

«Alvorlege spel»

Diabetes-spelet er eit av fleire døme på det som vert kalla serious games. Det er spel som ikkje har som hovudoppgåve å underhalde, men heller å opplyse og utdanne.

Slike spel og ulike typar VR-teknologi vert nytta stadig meir, men er spesielt på frammarsj innan helsesektoren.

Les også: Monopol vart funne opp for å demonstrere kapitalismens svake sider

Kampen mot blodforgiftning

Skjermdump frå Stoppsepsis.no

Skjermdump frå Stoppsepsis.no

Helse Vest lanserte i april i år stoppsepsis.no, eit mobilspel for helsepersonell om sepsis.

Sepsis vert på folkemunne kalt blodforgifting, og er ein alvorleg infeksjon i kroppen. Det er ein av dei vanlegaste dødsårsakane på norske sjukehus, og det er difor viktig at det vert oppdaga så raskt som mogeleg.

Spelet er utvikla av sjukepleiaren Eva Cathrine Backer, og illustrert av Hanne Sigbjørnsen, kjent som «Tegnehanne», som også er sjukepleiar.

Spelaren er ein superagent som skal hindre sepsis. Først lyt ein identifisere riktig pasient på eit sjukehus, deretter må ein vurdere symptoma og bestemme behandling. Om oppdraget er mislukka, døyr pasienten.

Prøv å stoppe sepsis her!

Skjermdump frå Stoppsepsis.no

Skjermdump frå Stoppsepsis.no

Les også: Dataspel kan fremme integrering

Spelande sjukepleiarar

Universitetet i Agder er også aktive på spelfronten. Universitetet har introdusert det nettbaserte spelet Jeg får ikke puste i sjukepleiarutdanninga si.

Spelet vart utvikla som ein del av førsteamanuensis ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap, Hege Mari Johnsen, sitt doktorgradsarbeid.

Ifølgje UiA sine nettsider, håpar ho det vil føre til tryggare sjukepleiarar. Det skal vere eit godt supplement til praksisarbeid og simulering i laboratoriet.

Skjermdump frå UiA sitt spel: Jeg får ikke puste.

Skjermdump frå UiA sitt spel: Jeg får ikke puste.

– I spelet vert studentane utfordra med spørsmål, og den situasjonsbaserte læringa gjer at dei hugsar meir fra gang til gang. Dei kan også spele kvar som helst og kor mange ganger dei vil, sier Johnsen til Uia.no.

Dei gryande sjukepleiarane får prøve seg i fire ulike scenario – to heimebesøk og to sjukehusbesøk. Kvart scenario består av korte filmklipp der ein møter ein sjukepleiar som skal ta imot ein eldre mann som lir av kols.

Studentane høyrer så samtalen mellom dei to, og får tilgang til alle målingane sjukepleiaren gjer. I neste omgang skal dei svare på fleirsvarsoppgåver, og resonnere seg fram til korleis ein sjukepleiar skal handle eller tolke målingane.

Skjermdump frå UiA sitt spel: Jeg får ikke puste.

Skjermdump frå UiA sitt spel: Jeg får ikke puste.

Resultata frå doktorgradsarbeidet synte at spelet førte til betre førbudde sjukepleiarar, og Johnsen håpar no å utvikle fleire spel som kan nyttast i utdanninga.

Prøv spelet her