«Gutta Sprut AS bidreg til haldningar som gjer det mindre trygt å vera kvinne eller skeiv»
Dei som påverkast mest av innhaldet agerer på haldningane Gutta Sprut AS normaliserer og eksponerer meg for meir homofobi i kvardagen, skriv Tobias Stub Saupstad (22).

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det er fortent at Gutta Sprut AS fekk gullbarbien i år. I dag opplever me ei bølgje av sexisme og homofobi, der direkte mobbing blir forsvart frå kritikk under ei falsk forståing av ytringsfridommen.
Ytringsfridommen er ikkje eit trumfkort som gjer at ingen kan seia imot deg. Han gjer deg ikkje fri frå kritikk, og det er nettopp kritikk Gutta Sprut AS fortener. Gutta Sprut AS bidreg til haldningar som gjer det mindre trygt å vera kvinne eller skeiv i dag.
Dei er på ingen måte eine og åleine skuldige i framveksten av sexisme og homofobi, men ved å legitimera det, bidreg dei til spreiinga av slike haldningar, som med tid blir til handlingar. Og ja, dei har ytringsfridommen til å kunne laga innhaldet dei lagar, men oss publikum har også ytringsfridommen til å kunne kritisera dei.
Meir hets og dødstruslar
Ved å legitimera sexistiske og homofobiske haldningar, bidreg innhaldet deira til diskriminering som innskrenkar andres rett til fridom frå hets.
Eg, som homofil mann, har opplevd ei auking homofobisk hets dei siste åra, og det har mange av dei skeive vennene mine òg. Eg har fått stygge blikk i gatene, hatt ein heil chat skapt for å mobba meg, og eg har fått dødstruslar på sosial media, oftare og oftare dei siste åra. Men eg er heldig, fordi fleire venner av meg har vorte spytta på og utøvd vald mot, igjen oftare og oftare dei siste åra.
Dette kjem jo ikkje frå ingen; det kjem frå ein kultur der diskriminerande haldningar får i aukande grad blomstra og bli normalisert.
Det er denne normaliseringa som er problemet. Gutta Sprut AS er langt frå dei einaste aktørane som står for denne normaliseringa, men dei er ein av dei.
Problemet med innhaldet deira er ikkje at det gjer meg personleg krenkt. Eg græt ikkje og blir illsint for kvar video eg ser av dei, for eg har valt å ikkje sjå på dei. Det har likevel ikkje hatt noko effekt på diskrimineringa eg ser spreia seg.
Eit klarsignal til å synast mindre om minoritetar
Det eksponerer meg dessverre ikkje for mindre homofobi at eg sjølv vel å ikkje sjå på dei. Tvert imot inspirerer innhaldet deira haldningane til dei som ser på (ikkje alle vel å merka). Dei som påverkast mest av innhaldet agerer på haldningane Gutta Sprut AS normaliserer og eksponerer meg for meir homofobi i kvardagen. Problemstillinga her handlar altså ikkje om å personleg unngå å sjå på dei fordi dei sårar meg, men om at min, og andre skeive, og kvinners fridom frå hets blir sett til side for, i grove trekk, fridommen til å mobba. Er ikkje fridommen frå hets viktig lenger? Og er det plutseleg kult å pusha same retorikk som blei brukt for å mobba folk på barneskulen?
Det er jo det det eigentlege problemet er: at ekskludering og latterleggjering av dei ein ekskluderer har blitt innafor. Kva for eit signal sender det at ein av Noregs største YouTube-grupper lagar innhald som vi har blitt lært heilt frå barneskulen av at ikkje er greitt?
Gutta Sprut AS har eit ansvar som mediepersonar. Som bidragsytarar til den kulturelle tidsanda har deira ord kraft. Pennen er definitivt mektigare enn sverdet. Deira «humor» er ikkje berre vitsar, men eit tydeleg klarsignal på at det er okay å synast mindre om minoritetar. Gutta Sprut AS, som ein liten versjon av den stadige veksande incel-aktige subkulturen (mannosfæren), fortener definitivt gullbarbien.
● Les også: «Viss du ikkje likar det, la vere å sjå på det»
● Les også: «På sin plass at «Gutta» får Gullbarbie»