Fond for tap og skade vedteke på klimatoppmøtets første dag

Norske ungdomsaktivistar jublar for vedtaket, men meiner det står att fleire utfordringar knytt til fondet.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

På klimatoppmøtets første dag i Dubai, vart fondet for tap og skade vedteke. Det opplyser representantar for det norske sivilsamfunnet som er til stades i Dubai i ei pressemelding.

Det er ein stor og viktig siger at fondet er vedteke. Vi ser allereie dei brutale konsekvensane klimaendringar har for land og menneske, uttalar Julie Rødje, dagleg leiar i SLUG – Nettverk for rettferdig gjeldspolitikk.

Julie Rødje på COP28 i Dubai.

Rødje trekker fram at land som allereie har ei stor gjeldsbyrde, ofte må ta opp ytterlegare lån på dårlege vilkår for å finansiere tap og skade dei ikkje har forårsaka.

Det nye fondet skal sikre at dei som er mest sårbare for klimaendringar og konsekvensane av det, får støtte til å handtere det. Det er venta å bli meir ekstremvêr, tørke og øydeleggingar som følgje av klimaendringane.

Overraskande

Under fjorårets klimatoppmøte i Egypt vart det bestemt at ein skulle opprette eit slikt fond. Det vart sett ned ein komité som har arbeidd med tilrådingar til korleis fondet skal sjå ut, og under årets klimatoppmøte var operasjonalisering av dette fondet venta å stå på agendaen.

Elise Åsnes og Thea Erfjord er til stades i Dubai for Spire. Dei er glade og overraska over at vedtaket kom på plass så raskt.

– Etter fleire tiår med press frå det globale sør er det godt at vi i dag går eit steg vidare og endeleg vedtar eit tap og skade-fond. Samstundes er det no den viktige jobben startar, understrekar Spire-leiar Elise Åsnes.

Pengar på bordet

For det er framleis utfordringar knytt til å sikre menneskerettar og tilgang til fondet, og dessutan finansiering av det, påpeikar organisasjonane.

Det estimerte behovet for å handtere tap og skadar som følgje av klimakatastrofar og klimaendring, er 290–580 milliardar amerikanske dollar innan 2030, skriv dei i pressemeldinga. 

– Pengane Noreg har lova til klimafinansiering er ein brøkdel av det vi burde bidra med. Vi har tent oss søkkrike på å forårsake klimakrisa. Då må vi også betale for skadane. Det hjelper ikkje å få på plass eit fond om det ikkje blir følgt opp med ambisiøs klimafinansiering. Noreg må bidra til fondet med midlar og ta sitt historiske ansvar, oppmodar Spire-leiaren.

Fleire land har ifølgje VG erklært kor mykje dei vil bidra med i fondet. Vertsnasjonen Dei sameinte arabiske emirata og Tyskland gir begge 100 millionar dollar.

Rødje i SLUG meiner det er viktig at midlane frå fondet blir gitt som gåve, og ikkje lån.

Viss ikkje blir det verdas fattige som igjen betalar for klimakatastrofane i form av endå mindre midlar til andre viktige formål som fattigdomsreduksjon, helse og utdanning.

Verdsbanken er vert

Det er no klart at Verdsbanken skal vere vertskap for fondet. Marte Hansen Haugan i Changemaker meiner det er utfordringar knytt til dette.

Changemaker-leiar Marte Hansen Haugan i Dubai.

Maktbalansen i Verdsbanken er svært skeiv, og det er dei rikaste som sit i førarsetet. Vi kan ikkje risikere at dei fattigaste, mest marginaliserte som treng fondet mest, har minst innflytelse i dette fondet.

Changemaker peikar på at det har vore vanskeleg for lokale aktørar å få støtte frå banken tidlegare.

Det har blitt stilt fleire krav til Verdsbanken, mellom anna om at det skal vere eit uavhengig styre i fondet, før vedtaket.