Press: «Nødvendig for å belysa skadelege praksisar og fremja diskusjon»
– Det kan oppfattast som usakleg når ein skriv at ein er samd i at Gutta Sprut AS spreier hat samtidig som ein skriv at prisen gjer det same, skriv Press.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I eit debattinnlegg i Framtida publisert 26. februar hevdar Magnus Wolden frå Unge Høgre at Gullbarbie-prisen er omsynslaus og bidreg til å få unge menneske til å kjenna seg dårleg.
Gullbarbieprisen vart etablert for å setja søkjelys på aktørar som aktivt bidreg til usunne ideal blant unge. Ved å nominera og prisa desse aktørane ønskjer me å ansvarleggjera selskap som påverkar ungdom negativt gjennom bodskapane og marknadsføringsmetodane sine.
I år var temaet for Gullbarbie «Best til å vera verst – på nett»
Wolden argumenterer for at prisen fører til ein polarisert debatt og gir auka merksemd til dei nominerte.
Me meiner likevel at denne merksemda er nødvendig for å belysa skadelege praksisar og fremja diskusjon om korleis me kan forbetra dagens mediebilete. Debatt og engasjement er essensielt for å driva fram positive endringar i samfunnet.
Vidare påstår Wolden at Gullbarbie-prisen avgrensar unges evne til sjølvrefleksjon. Tvert imot oppmodar prisen unge til å vera kritiske til mediepåverknad og klar over korleis ulike aktørar påverkar sjølvbiletet deira.
Gjennom å delta i nominasjonsprosessen og debatten rundt prisen, får ungdom høve til å uttrykkja sine meiningar og bidra til ein sunnare mediekultur.
Gullbarbie er ein pris som blir delt ut for å setja søkjelyset på desse aktørane og skapa debatt. Formålet er ikkje å få alle til å slutta å sjå på «Gutta», men å bevisstgjera unge på korleis dei lèt seg påverka av innhaldet.
Det er vanskeleg å forstå kva Wolden meiner med at Gullbarbien spreier hat; når det Gullbarbien gjer løfter problematiske aktørar fram.
Det kan oppfattast som usakleg når ein skriv at ein er samd i at Gutta Sprut AS spreier hat samtidig som ein skriv at prisen gjer det same.
Kjernen i Gullbarbie-prisen er som Wolden sjølv skriv at det handlar om aktørar som er best på å få ungdom til å kjenna seg verst. Derfor meiner me det er høgst sakleg å seia at ein aktør som lagar innhald basert på uvissene til unge bidreg til dette.