Går Noreg på langs for kvinnehelse berre månadar etter eigen operasjon

Edith Meek Allern
Publisert

– Eg går på vegner av veldig mange som ikkje kan det, seier Mari Cathrine Karlsen (26). Ho er no omtrent ei veke inn i å gå Noreg på langs, ein tur på 3000 kilometer.

Det er så langt at Google Maps nektar å gi forslag til rute for transportalternativet å gå til fots. 

– Eg reknar med å vere heime før jul, seier ho til Framtida.no, som får kontakt over telefon innimellom strekningar utan dekning.

Målet til Karlsen er å skape merksemd og samle inn pengar til hjartesaka: helsehjelp mot endometriose.

– Det er mykje som står på spel for folk, seier Karlsen.

Det veit ho av erfaring.

12 år med smerter før stilt diagnose

Ifølgje NHI førekjem endometriose hos seks til ti prosent av kvinner. Transpersonar og ikkje-binære kan òg rammast, understrekar Endometrioseforeininga i ei pressemelding. Til saman reknar dei 500 000 kvinner, transpersonar og ikkje-binære i Noreg å ha endometriose eller adenomyose.

I snitt tek det sju år å få diagnostisert endometriose i Noreg. For Karlsen tok det 12 år.  

– Det er eigentleg ikkje før no som eg ser tilbake at eg skjønnar kor mykje vondt eg har hatt, fortel ho.

Mari Cathrine Karlsen (26) blei operert for endometriose for tre månadar sidan. Foto: Schibsted Partnerstudio.

– Eg blei lagt inn på sjukehus tre gongar på vidaregåande, låg inne i feriar, svima av og spydde, utdjupar Karlsen. Ho fekk høyre at «mensen gjer vondt for alle,» og at det «berre er slik det er å vere kvinne,» heiter det i pressemeldinga.

Etter kvart blei det tydeleg at smertene var for ekstreme. Då ho først fekk hjelp, etter fleire år med smerter, blei ho sett på p-piller. Det gjorde ikkje nokon forskjell, og ho fekk operasjon. Dei enda likevel ikkje med å fjerne endometriosen, men å setje ho på sterkare p-piller. Av desse fekk ho migrene som biverknad.

Til slutt fekk Karlsen ny tilvising til sjukehus. Det blei funne meir endometriosevev enn beskrive etter første operasjon, og denne gongen blei vevet fjerna.

Skal hoppe i fallskjerm, lese opp dikt og bade naken for saka

Karlsen fortel at ho har lagt ut fleire utfordringar i ruta, i samarbeid med Endometrioseforeininga som innsamlinga er til inntekt for. 

– Ein må vere litt galen og annleis for å få merksemd rundt ein sak, og halde oppe engasjementet over så lang tid som denne turen tek, forklarar Karlsen. 

Om ho når 300 000 kroner, skal ho hoppe i strikk. Ved målet om 500 000 kroner, skal ho hoppe i fallskjerm. Undervegs skal ho mellom anna skrive dikt om endometriose og bade naken med ein framand.

Nokre av utfordringane er spesielt knytt til kvinnehelse. Med dette håpar Karlsen å spreie meir kunnskap og openheit om korleis ein rammast ulikt av «usynlege sjukdomar», heiter det i pressemeldinga.

– I går la eg ut korleis ein går på do i naturen med endometriose, til dømes. Det er typisk noko ingen snakkar om, men som er ei utfordring for veldig mange, både med endometriose eller annan kronisk sjukdom, fortel Karlsen til Framtida.no.

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Mari Cathrine Karlsen (@turmedmari)

Stor tyding for livskvaliteten

Når Framtida.no snakkar med Karlsen, er ho i nærleika av Olderfjorden i Finnmark, og går i retning Stabbursdalen. Karlsen fortel om store naturopplevingar med vakkert landskap og mykje dyreliv.

– Til no har eg sett reinsdyr og ørn, og eg fekk min første aure i går, fortel ho. Ho legg til at kroppen samarbeider godt og at formen er fin.

Karlsen understrekar at det ikkje finst nokon kur for endometriose, og at vevet kan begynne å vekse igjen. Det var heller ikkje gitt at operasjonen skulle vere så vellykka at ho kunne gå Noreg på langs. At ho kan oppleve dette tre månadar etter operasjonen, meiner ho likevel tener som døme på kor stor forskjell det kan gjere for livskvaliteten til folk å få diagnosen og riktig helsehjelp.

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Mari Cathrine Karlsen (@turmedmari)

– Eg snakkar sikkert ein gong i veka med kvinner som ønsker å vere aktive og gå meir, men må liggje heime med smerter, seier ho.

Karlsen håpar å gi pasientar håp og inspirasjon om at det kan bli betre, legg ho til.


Les også: 

Verda er laga for kvite menn – det kan koste liv

Mobiltelefonar, bilkræsj-testar, førstehjelpsdokker, munnbind og mykje meir er designa med kvite menn som mal.

Foto: iihs.org/Wikimedia

Endometri-kva for noko?

– Enkelt forklart er endometriose vev som liknar livmorslimhinna, som veks utanfor livmora. Det set seg på stader det ikkje skal, på organ og i buk. Det tyder at kvar gong du har mensen, får du indre blødingar. Det skaper smertene, forklarar Karlsen.

– Over tid blir nervebanen lurt til å tru at smertene er der heile tida. Smertene kjennest då òg verre enn dei i utgangspunktet er. Då går du med kroniske smerter, legg ho til.

Andenomyose

Adenomyose er ein anna, men nært tilknytt sjukdom. Det er ei tilstand kor livmorhinna, som normalt kler livmorshula, veks inn i muskelveggen av livmora. Begge sjukdomane gir store smerter, plager knyt til fordøyelse, utmatting, smerter under samleie og utfordringar med infertilitet, ifølgje ei pressemelding frå Endometrioseforeininga.