– Noreg er i ein feministisk medvind

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire unge er opptatt av likestilling - sjå video!

– Det er avgjerande for meg at partiet eg skal stemme på er trygge på kva dei meiner om kvinner og likestilling. I tillegg er det viktig at partiet har nok kvinnelege representantar, fortel Carina Strøm Smith (24).

Måndag var ho publikum i Kvinnefrontens arrangement «Feministisk Valg 2017». Under debatten blei utvalte parti utfordra på kva for nokon kvinnepolitiske spørsmål dei vil prioritera dei neste fire åra. I panelet sat talspersonar frå Arbeidarpartiet, SV, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og det unge partiet Feministisk Initiativ.

Strøm Smith meiner likestilling er viktig fordi forventningar om rollene til menn og kvinner framleis står sterkt i velferdssamfunnet vårt.

Carina Strøm Smith. Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Til dømes sender den skeive fordelinga av permisjonstida signal om at mor må vera meir heime med barnet enn far. For å oppnå full likestilling må permisjonen bli fordelt likt, seier ho.

Studenten Cedric Thöne (18) synest også likestilling er viktig, men at det ikkje er avgjerande så lenge partiet ikkje har undertrykkande politikk.

– Eg vel eit parti som har mål som svarer til mine krav og som held det dei lover, seier Thöne. Han meiner at viss likestillinga ikkje blir bevart i politikken, så har ikkje partiet noko å gjere på Stortinget.

– Alle er jo like. Viss kvinner ikkje blir likestilt med menn så er partiet udemokratisk, meiner Thöne.

Framtida.no spurde unge veljarar på Blindern kva likestilling betyr for dei under årets stortingsval. Sjå kva dei svarte i filmen øvst i saka! 

Aukande engasjement for likestilling

Ifølgje forskar og leiar for CORE Senter for likestillingsforskning, Mari Teigen, er det kvinner som vaks opp under kvinnefrigjøringa på 1970-talet som har vore mest opptatt av likestillingsspørsmål ved tidlegare val. Men dette kan vere i endring.

– Det har blitt eit politisk spørsmål igjen, og fleire og fleire erklærer seg som feministar offentleg. Eg trur dette treffer mange unge veljarar, og eg er spent på korleis det slår ut i årets val, seier Teigen.

Mari Teigen har forska på likestillingspolitikk.

Mari Teigen har forska på likestillingspolitikk. Foto: Institutt for samfunnsforskning

Likevel oppfatter ein del unge at likestilling som ferdigkjempa. Teigen seier at det til ein viss grad er ein samanheng mellom dei som stemmar på høgresida og dei som oppfattar likestillinga som oppnådd.

– Mange unge veljarar har ikkje starta i jobb og har enno ikkje fått born. Det er ofte på dei arenaene kvinner møter på likestillingsutfordringar, forklarar Teigen.

Ho trur at grunnen til at veljarar som er opptatt av likestilling hovudsakleg er kvinner heng saman med at likestillingsdebatten er fokusert på spørsmål som berørar kvinner.

– Me er ikkje så flinke til å snakke om det som angår menn. For eksempel høyrer me ikkje så mykje om kvifor unge gutar ikkje vel kvinnedominerte yrker, sjølv om alt tyder på at det vil vera mange ledige stillingar der i framtida.

Feministisk medvind

Talsperson i Feministisk Initiativ, Cathrine Linn Kristiansen, ser også eit aukande engasjement for feminisme og antifascisme i mainstream-media.

Saka held fram under bildet!

Talsperson i Feministisk Initiativ, Cathrine Linn Kristiansen.

Talsperson i Feministisk Initiativ, Cathrine Linn Kristiansen, under arrangementet «Feministisk Valg 2017». Foto: Ragnhild Sofie Selstø

– Unge er opptatt av rettferd. Kanskje dei kjenner på utolmod, at dei ikkje liker korleis kloden har blitt, seier Kristiansen.

I Sverige tok det 10 år før det svenske partiet Feministiskt Initiativ kom inn i 14 kommunar og Europaparlamentet. Kristiansen trur ikkje det vil ta like lang tid i Noreg.

–  Noreg er i ein feministisk medvind for tida, seier ho.