– Feminisme er likestilling for alle kjønn
Christine Marie Jentoft meiner feministrørsla kan lære mykje av transkvinner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ikkje alle transpersonar treng å vere vandrande folkeopplysning, men nokon må jo vere det, seier Christine Marie Jentoft.
Ho Noregs mest leste transbloggar, og har delt kjensler og erfaringar sidan ho kom ut som transkvinne i jula 2012.
No er Jentoft ein aktiv samfunnsdebattant, og ein synleg representant for ein ny generasjon transpersonar. Ho vart kåra til Miss Gay Norway i 2015, deltok i VGTV-serien Oljebarna same året, og bidrog til Skeiv Ungdom sin informasjonsfilm om kjønnsmangfald, kalla «Se Oss».
– Det har skjedd sjukt mykje på seks år, utbryt ho når Framtida.no møter 28-åringen til ein prat om feminisme og kjønnsmangfald.
– Anerkjent av staten
I fjor sommar delte ho ein sofa med helse- og omsorgsminister Bent Høie på God Sommer Norge for å diskutere lovendringa som gav ho rett til å bestemme over sitt eige juridiske kjønn.
Saman med nytt pass har Jentoft fått nytt personnummer, og difor også ny registrering hos statens vegvesen, bank, lege og arbeidsgivar. Resultatet er verdt alt papirarbeidet.
– Eg kjenner meg anerkjent av staten som den kvinna eg ser meg sjølv som, seier ho.
LES OGSÅ: Kristin Fridtun: Nynorsking på skeive
For dei som les kommentarfelta
Men sjølv om Noreg ligg langt framme samanlikna med internasjonalt lovverk, har ikkje Jentoft statistikken på si side. Transpersonar har oftare vanskar med å få jobb, det kan vere utfordrande å komme ut på arbeidsplassen og transkvinner er overrepresentert blant sexarbeidarar.
Unge transpersonar har også høgare sjanse for å bli kasta ut av heimane sine når dei fortel om seg sjølv til familien, og mange møter mobbing frå nærmiljø og på nett.
– Eg må jobbe hardt for å ikkje ta det personleg, seier Jentoft om kommentarane ho møter på sin eigen blogg, på Facebook og i aviser.
Ho forventar ikkje at alle har førehandskunnskap om kva det vil seie å vere trans. Ho trur heller ikkje at folk meiner kommentarane like ille som kan bli oppfatta som, men ho debatterer ikkje lengre for å overbevise motdebattantane sine.
– Eg veit at mange folk les det eg skriv, folk som kanskje ikkje har gjort seg opp ein meining, forklarar den erfarne debattanten.
– Kjønn inkluderer så mykje
Der lovendringa om juridisk kjønn representerer eit steg framover, er delar av den feministiske debatten resirkulering av gamalt grums, ifølgje Jentoft.
– Nokre konservative feministar meiner at personar som ikkje vart definert som kvinner ved fødsel av, ikkje får lov til å bestemme i kvinnekampen.
Til dømes vil nokre uttale at transkvinner er menn, ei hatefull ytring som Jentoft meiner ikkje høyrer heime i ein seriøs debatt. Ho understrekar likevel at perspektivet til transkvinner er både nyttig og interessant for feminismedebatten.
– Kva er feminisme for deg?
– Likestilling for alle kjønn. Eg anerkjenner fleire enn to kjønn, og ser fram til den politiske prosessen med å få innført eit tredje kjønnsalternativ. Eg er skuffa over stortingsfleirtalet i denne runden, men trur det vil ordne seg over tid.
– Kva legg du i ordet kjønn?
– Det er eitt av dei breiaste orda vi har. Det inkluderer så mykje, slik som kropp, biologi, reproduksjon, sosiale normer, kjønnsuttrykk, jus og historie. Det er synd når folk overforenklar kjønn til XX og XY.
– Eg daterer dei siste 10 åra etter kjærastar og hårfarge, fortel Christine Marie Jentoft. Foto: Åsmund H. Eikenes
LES OGSÅ: Alle burde lese 12 bøker om homoar
Skifte i debatten
Jentoft forklarar at det har skjedd eit skifte i debatten om transpersonar, både i kommentarfelta og i det offentlege dei siste åra.
– Mi erfaring frå bloggen er at veldig mange har endra synet på kva det vil seie å vere trans. No har fleire fått eit språk og kjennskap til kva det er.
Det opnar for å ta tak i dei eigentlege feministiske kampsakene, ifølgje Jentoft, i staden for å krangle om kven som skal få lov til å vere del av rørsla.
– Eg har mykje å lære av andre feministar om korleis dei arbeider med abortrettar og sexarbeid, og eg trur vi har mykje å tene på dialog med kvarandre, seier ho.
Samarbeid på vegen vidare
Sjølv har ho bidrege til å bryte barrierer og fjerne misforståingar, og nytta seg sjølv som eksempel.
– Det er stort at lesarane av bloggen opplever at eg kan vere ei stemme. Det er eg takksam for.
Jentoft vil likevel ikkje ha æra for endringane som har skjedd.
– Vi er mange som har bidratt. Samarbeid går jo fortare enn å arbeide åleine.
– Korleis skal du feire 8. mars?
– Eg skal gå i tog saman med organisasjonen FRI, under parolen «friheit til å vere seg sjølv – ja til kjønnsmangfald». Eg håpar alle blir med å gå.
Faktaboks
Språket om transpersonar er i stadig endring.
Jentene på Toten (2010) nytta omgrepet transe om seg sjølv, avleia frå ordet transvestitt.
For den yngre generasjonen indikerer den ekstra vokalen på slutten av ordet transe noko nedlatande og negativt ladd, og ikkje stoltheit.
Ein kort periode nytta rørsla trans*, der stjerna etter ordet skulle inkludere alle moglege tolkingar av kjønn og kjønnsuttrykk.
No nyttar rørsla det samlande og positive orde trans, med påhenga -mann, -kvinne eller -person.
Trans må ikkje forvekslast med scenekusntforma drag.