Carina Renate Grodås

Fødd 1990, frå Nordfjord. Eg utdannar meg til allmennlærar ved Høgskulen i Volda, og som siste elevgruppe i den gamle modellen (no heiter det grunnskulelærar) har vi stor fridom til å velje skulerelevante fag det fjerde og siste studieåret. Difor nyttar eg høvet til å reise rundt i verda, sidan eg rett og slett elskar og reise! Eg likar å oppleve nye kulturar og tykkjer at studiar i utlandet opnar dørene for ei meir ekte kulturoppleving enn kva ein gjerne får som vanleg turist. Tidlegare har eg studert spansk på vidaregåande og vore på språkreise i Spania, så å ta meir spansk som ein del av utdanninga mi har alltid ligget i bakhovudet. Valet vart difor enkelt når eg oppdaga dette studietilbodet. Eg har fått spanskstudiet med Kulturstudier i Nicaragua godkjend som ein del av lærarutdanninga, og blir dermed ferdig utdanna adjunkt når eg har fullført dette semesteret. Sjå bloggen min her!