Landesorg i Nicaragua

Carina Renate Grodås
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Når vi var på sjukehuset, der dei hadde tv, såg vi ar kanalane var fulle av nyhender om Cháves, hans liv, folkesorg, m.m. Og ansiktet hans prydar såklart framsidene av alle avisene her nede. Men bortsett frå dette har vi eigentleg ikkje sett noko effekt på León.

Ikkje før vi skulle på zumba eit døgn etter dødsfallet. Då gjekk vi forbi den store katedralen, og fekk sjå avstengte gater, eit hav av menneske og den største gruppa politifolk eg nokon sinne har sett i polititomme León. Dei rigga til mikrofonar og styr, det var lys i katedralen, og det var tydeleg at noko skulle føregå der utover kvelden.

Vi gjekk vidare, og høyrde etter kvart noko som kunne høyres ut som 17.mai. Korpsmusikk og trommer. Då vi så fekk beskjed om at zumba var avlyst for dagen, gjekk vi mot lyden av trommene til vi møtte ei svær samling av kvitskjorta menneske. Dei fylde heile gata med eit stort korps, heftig rytmisk musikk og ei svær gruppe menneske som dansa i takt framføre dei. Det kunne nesten sjå ut som ein «mob». Vi stod der med imponerte auger og var bitre for at vi berre tek med oss vannflasker og ikkje kamera på trening. Etter ei stund byrja dei å bevege seg bortover gata, og tilskuarane braut opp.

På veg opp att forbi katedralen var det komen enda fleire menneske, og i gatene var det totalt trafikkork fordi nokre få gater var avstengde.
Hadde vi hatt pengar, vanlige kle og fullførte lekser hadde vi kanskje blitt verande der i nokre timar for å få med oss seansen.
Sidan landet skal vere i sorg i 7 dagar blir det kanskje vidare rapportar om andre begivenheter herifrå.

Her er bilete frå sorga i heile Latin-Amerika, også Nicaragua.