Friluftsliv i Mangroveskogen

Carina Renate Grodås
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag etter skulen reiste vi på ekspedisjon til Mangroveskogen.

Etter ein halvtime bakpå lasteplanet til ein pick-up var vi framme ved stranda og dumpa alt utstyret opp i ein liten motorbåt og oss sjølve opp i kajakkar.

Den første etappen var motstraumen relativt sterk, ergo var det små "bølger" å kjempe mot, ergo vart vi klissvåte. Men i denne varmen gjorde det ingenting.

Det var ikkje lenge vi måtte padle for å merke idyllen av Mangroveskogen. Store tre med meterlange røtter på alle kantar. Smal og kronglete "elv" av brunt saltvatn og strandlinje av mørk gjørme.

Lyden av ingenting anna enn padletaka i vatnet og fuglar.

Store flotte fuglar som likna kvite og grå pelikanar, flamingoar og storkar. Som plutselig tek fart frå treet ved sidan av oss og seglar over elva foran oss. Og ørner som seglar høgre oppe.

Sidan vi padala i kajakk kunne vi padle oss inn i små avstikkarar frå hovudelva, der trea hang enda tettare over oss og den smale vasstripa som snirkla seg i mellom røta.
Idyll!

Så gjekk vi på musling-jakt og åt dei rå/ferske, ein apetittvekkar før vi lagde bål og varma middag. Og koste oss med norsk og spansk (Nicaraguansk) sang rundt bålet før leggetid.

Natta tilbrakte vi i hengekøyer, inntulla med pledd og myggnetting. Langbukse, genser, sokkar – alt for å beskytte seg mot myggen. Det var innmai varmt til å byrja med, men utover natta gjekk det greit. Trasig nuk var ikkje min myggnetting heilt tett, så eg vokna med ca 40 nye myggstikk. Men takka vere nokre allergitablettar eg fekk tak i her nede er både storleiken på myggstikka og kløen minimal.

Morgonen starta med eit bad som nesten var litt kjølig, og veldig deilig. Denne stranda var langgrunn, så bølgene braut langt ute og var ikkje like store = veldig kjekt!
Etter ein fruktsalat med yoghurt og litt formiddagssol byrja vi å padle tilbake att.

På veg tilbake var det skikkelig "fjære" i skogen så vatnet var skikkelig lågt og det var berre såvidt vi kom oss ut att. Lukta av svovel var sterk, vatnet var mørkebrunt, flugene og myggen flaug tett og det var skikkelig sump. Ja, det er krokodiller i vatnet, men ikkje så mange på denne årstida. Vi såg ikkje nokon.

Vi var to kajakkar som reiste først, for å unnsleppe myggen. Siste kanoen og båten kom aldri.. Vi venta og venta, padla rolig og såg bak oss, men vi var komne nesten heilt ned att før dei kom susane med båten og tok oss igjen. Båten hadde sittet fast og dei måtte vase i gjørma og drage båten ut. Dei var fulle i gjørme stakkarane. Verst var det for båtmannen som hadde stått med gjørme heilt opp til brystkassa og såvidt komt seg opp att.

Men vi kom oss alle ut, og plutselig var vi tilbake til fastlandet.
Då var det berre å slenge seg bak i pick-up'en og komme seg tilbake til Leon.
Takk for turen jenter, det var superkjekt!

Ein kan kanskje tenke seg at ein ikkje rekk å sakne sin kjære som befinn seg på andre sida av kloden når ein gjer så mykje kjekt om dagane. Og det er vel riktig for nokon at dagane ein kjedar seg er dei dagane ein kjenner mest på saknet. Men for min del er det ikkje naudsynt slik..
Når eg opplever så mykje fint og flott, så er det eigentleg ingenting eg heller vil enn å dele det med min utvalde..