Svensken, dansken og nordmannen på tur er jo ein god start på mange gode historier, så dette måtte bli bra.

 

I helga reiste vi til nydelige Granada. Fyste reisepulje var eg, svenske Charlotta og danske Ida. Svensken, dansken og nordmannen på tur er jo ein god start på mange gode historier, så dette måtte bli bra. Vi visste eigentleg ikkje heilt korleis vi skulle komme oss dit, men vi tok taxi til bussplassen og hørte etter kort tid "Managua managua managua managua!" og satt plutseleg på ein minibuss på veg til, nettopp – Managua. Framme i Managua hørte vi "Granada granada granada granada!" og dermed satt vi på ein overlesst liten lokalbuss. Leikande lett.

Framme i Granada byrja vi å undersøkje om nokre hostel hadde senger til heile reisefølget på 6 jenter, og etter litt trasking endte vi opp på ein sovesal for 12 personar. Standarden var så som så, men vi fikk tak over hovudet, godt brukte lefser av madrasser, toalett og reint vatn i springen. Meir treng ein vel strengt tatt ikkje.

Fredagen brukte vi på å ete is, gå i gatene, møte på andre frå Kulturstudier som også tilbrakte helga i Granada, shoppe ein del handlaga saker, besøke katedralen og ete mat på ein restaurant i hovudgata med restaurantar side om side, gatemusikantar, småboder og skikkelig "sydenstemning" eller "feriestemning". Det kjendes plutselig ikkje ut som at vi var i Nicaragua slik eg kjenner landet. Her var det turistar, høgare prisar og meir "bykjensle" enn i León. Eigentleg veldig deilig for ei helg.

Då vi gjekk opp i tårnet av katedralen naut vi utsikta av Granada og solnedgangen når kirkeklokkene som hang ca 40cm over hovuda våre plutseleg byrja å ringe. Vi skvatt godt! Etterpå høyrde vi hornmusikk frå gata og såg eit sørgjetog komme gåande og inn i katedralen. Då kjende vi at det var på tide for oss å gå, men ikkje før klokkene byrja å ringe som galne atter ein gong berre 40cm over oss. Himmel og hav.

Seinare på kvelden kom dei tre andre jentene (Linda, Hanna og Eline) frå León, og vi gjekk alle saman ut for å ete middag (les: dessert for tre av oss).

Laurdag åt vi frukost på ein liten lokal kafeteria litt i utkanten av byen før vi hoppa på ein tur til Las Islas (øyene) i Lago de Nicaragua. Dette var planen heile tida, men eit reisebyrå hooka fatt i oss og ordna alt det praktiske for ein skarve hundrelapp kvar. For denne hundrelappen fekk vi skyss til kysten, båttur med guide på eit par timar rundt i innsjøen og eit flott måltid som avslutning.
Ved sidan av Lago de Nicaragua ligg vulkanen Mombacho, som var ein av dei største vulkanane i Sentral-Amerika før den hadde eit eksplosivt utbrot i 1570 og danna ei svær samling av små øyer i Lago de Nicaragua.
No er det mange privatpersonar som har kjøpt enkelte øyer og har feriehusa sine der, eller driv dyre hotell. På den eine øya bur der eit par apekattar, og ei anna øy har eit gammalt fort frå 1700-talet (om eg ikkje hugsar heilt feil). Mange av øyene er framleis til sals! Veldig fin båttur. Med sjøsjuketablettar innabords såklart.

Etter eit besøk på ein bokhandel (jippi, ny skjønnlitteratur! León har ingen bokhandlarar) kom vi alle ut att med både spanske og engelske bøker. For min del blir det spansk skjønnlitteratur til kvardags og engelsk i påskeferien. Bokhandelen var veldig fin, med bruktbøker og nokre nye bøker i lett blanding. Dei hadde alt frå Jo Nesbø, Stieg Larsson, Game of Thrones, 50 shades of Grey, Twilight, romanar, Latin-Amerikanske forfattarar, biografiar, reisebøker, historiske verk og barnebøker systematisert litt hulter i bulter, i to ganske små rom. Veldig deilig atmosfære og hyggelig betjening.

Søndag åt vi frukostbuffet på sjokolademuseet før vi tilbrakte nokre timar ved eit spahotell med basseng. Her blei eg blant anna bitt i storetåa av tre gjess som hang rundt baren idet eg skulle kjøpe meg ei flaske vatn. Ellers låg eg i skyggen og sløva, samt prøvde ein massasje for å lindre ryggen, men var uheldig med massøren min i motsetnad til dei andre. Etter lunsj i sentrum traska vi oss bort til "bussterminalen" og til slutt fekk vi skandinavarane utan like spisse albogar som Nica-folket også plass på ein buss tilbake mot Managua og León.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE