Første smaken av Nicaragua
Carina Renate Grodås bloggar frå studier i Nicaragua.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På flyplassen i Leon vart vi møtt av hyggelige mennesker frå Kulturstudier, og utan kofferten min satte vi av garde mot Leon. Alle var i ekstase når vi såg den superkule gule bussen vi skulle køyre.
Etter å ha sove i overraskande mjuke senger og varme rom vakna vi til hanegal 06.30. Og etter at eg fikk fiksa papirarbeid ang kofferten min kjøpte eg meg bikini, shorts, flip-flops, handkle og solkrem. Alt eg trengde for å overleve dagen!
Ettermiddagen tilbrakte vi på stranda, med intens varme og høge bølger. Etter matinntak avslutta vi med volleyball i solnedgangen, før ein interessant busstur tilbake til Leon.

Tilbake i Leon fekk eg hilse på kofferten min att, og det var utruleg deilig å ta seg ein dusj og skifte til reine kle før vi reiste ut og åt middag. Eg møtte også på dei andre som missa flyet frå Miami, hurra!

Etter berre eit døgn i Leon trur eg desse tre månadane blir bra. Eg likar byen svært godt!
Her skal eg bu desse tre månadane, ilag med to andre kjekke jenter: