Cerro Negro

Carina Renate Grodås
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag arrangerte Kulturstudier utflukt til Cerro Negro, den yngste vulkanen i Nicaragua og Sentral-Amerika, som har fått navnet sitt på grunn av dei svarte mineralane og som framleis er aktiv.

Turen med buss var humpete, på veg som etter kvart bestod av 40cm aske, med støv vrimlande inn gjennom vindauga. Vi køyrde gjennom fleire små landsbyar, det vil seie fleire hus som låg gøymt inne i skogen. Eg syns det er spennande å sjå korleis folk bur utanfor byane, og såg ut på radmagre hestar, svin og høner som var plasserte litt tilfeldig rundtom i enkeltes hagar. Og små barn som sprang mot vegen for å vinke til bussen, med store glis som smelta seg langt inn i hjartet.

Kjensla av at eg hadde gløymd noko forsvann omlag 2 minutt etter at bussen forlot hostellet, og vart erstatta av vissheita om at eg hadde gløymt kameraet mitt. Er det mulig? Men fortvil ikkje, eg har fått låne litt bileter frå Maria og Charlotta.

Turen opp var eigentleg ganske kort. Plutseleg var vi oppe! Heile vegen var det så sterk vind at vi ikkje ein gong vart sveitte av å gå opp ca 400 høgdemeter i 30+ celcius. (Vulkanen ligg på 728moh, men eg trur vi byrja på vel 300moh). Då vi nærma oss toppen var vinden så sterk og vegen så smal at eg somme tider kjende eg måtte sette meg ned på huk for å ikkje bli kasta utfor kanten, og eg måtte holde fast både solbriller og sekk.

Vel oppe naut vi utsikta og leika oss med vinden medan vi kjende prikkinga på leggane av småstein i lufta. Flavio grov eit lita grop i sanden så vi fekk kjenne varmen frå steinen under oss. Og det var ikkje mindre enn imponerande. Kunne lett ha steikt speilegg på bakken der.

På veg ned hadde vi to alternativ. Vi kunne springe ned ellr vi kunne volcano-boarde, altså type renne på akebrett. Eg høyrde rykter om fart på 80km/t og ofra difor ikkje energi på å bære opp brett og utstyr. Då eg såg dei renne nedover derimot såg eg at eg lett hadde turd. Det gjekk ikkje såå fort.
Men det var veldig kjekt å springe/hoppe/skli ned den kjempebratte vulkanryggen også. Upraktiske sko som fyllte seg med stein bak ankelen og gjorde springinga ganske så vond vart fjerna av meg og Malise så vi sprang ned i sokkelesten. Skikkelig massasje/peeling kan du seie. Men til slutt vart steinane så varme at vi måtte ta på oss skoa att.

Vel nede var vi alle dekte av sot frå topp til tå, og eg kjende at det var godt å ha brukt kroppen på ein søndagstur i typisk norsk ånd. På ein utypisk stad.