Kvardagane i León

Carina Renate Grodås
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Skulearbeidet tek sjølvsagt ein stor del av tida vår. Dag ut og dag inn kan vi gå på skulen, gjere lekse, ete, sove og ikkje ha tid til noko som helst anna. Vi har faktisk så mykje lekser at dette kunne vore tilfellet kvar einaste dag her nede. Somme sit kvar kveld og gjer lekser utan å ha mange timar fritid i veka, men eg må innrømme at eg ikkje er ein av dei. Skal eg sitte med nasa i bøkene så mange timar for dagen kunne eg like gjerne vore i Norge. Så eg innrømmer at eg ikkje gjer alle leksene mine. Men eg ser over alt og vel ut kva eg treng å jobbe med. Prioriterar slik at eg prøvar å lære alt eg skal. Eg er jo her nede først og fremst for å lære spansk!

Men det er mange andre aktivitetar vi kan lære spansk på også! Blant anna går vi innimellom på kino. Dei dubbar ikkje filmane, men har spansk tekst, og vi kan fange opp mange ord og setningsstrukturar ved hjelp av dette. Vi har også sett film vi har kjøpt her nede, med spansk tale, og forstått meir eller mindre handlinga i filmen.

Dei nettene og dagane eg var på sjukehuset vart det også ein del tv-titting, med gloseboka og kulepennen lett tilgjengelig. (Eg har ikkje vore sjuk, men ei av dei artigaste personane eg har møtt skremte vettet av oss på søndag, og måtte tilbringe nokre døgn på sjukehuset.). Ironisk nok var eine temaet på skulen denne veka "sjukehuset", så det var mange kjende gloser for min del.

Også lærer vi av å omgås med lokalbefolkninga. Eg ha prata ein del med vaskedamene og han som driv hostellet, og alle er kjempeyggelige. Berre det å vere her nede, utanfor hostellets veggar, gjer at vi suger til oss spansken. Og kulturen, vi skal jo studere den også!

Ei gruppe av oss har tatt salsatimar med ein lokal fyr 1-2 gongar i veka. Vi har vore dobbelt så mange jenter som gutar, men det har vore kjekt likevel. Frå no av skal vi truleg byrja å ta privattimar med ein danselærar for å lære enda meir.

Meir dansing blir det når eg har meldt meg på zumba, som er to gongar i veka. Og når eg attpåtil delar rom med ein superflink zumbainstruktør som held timar for oss på hostellet dersom vi ynskjer det, ja då får hoftene kjørt seg i løpet av veka. Ikkje minst når det er salsakveld kvar torsdag, som eg har nemnt tidlegare.

Ein stor del av kulturen her inneber å vente på maten. Det er ikkje lurt å vente med å gå på restaurant til du er skikkelig svolta, for du må belage deg på å vente alt frå 30-140 minutt på maten. Heilt sant! Men det hindrar oss ikkje i å gå ut og ete likevel. Litt tiltak kan det bli, men enda vanskeligare kan det vere å kokkelere noko spennande på kjøkkenet her. Det blir ofte like dyrt eller dyrare og lage maten sjølv også.