Yngstemann mot straumen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs nest yngste ordførar

Høgre-mann og ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen (26), er ein mann som går imot mange straumar. Han flytta heim til ein kommune mange flyttar frå. Han vart ordførar medan jamaldringane framleis sleit med eksamen. Og han vil ha meir sidemål der hans eige parti vil ha mindre. Førre helg var han i Oslo for å freiste å snu fråflyttingsstraumen frå Sogn og Fjordane.

Reis ut, kom heim!

Det er vår, det er valår og Sogn og Fjordane er 250 år. På Youngstorget i Oslo svirra det førre sundag av sogningar, fjordingar og oslobuarar. Med kaldtbord og artistar som Eva & The Heartmaker, feira fylket seg sjølv. Dagen etter var det duka for karrieremesse i Oslo, der representantar frå næringsliv og det offentlege fridde til fråflyttarane.

Reis ut, men kom heim att, er bodskapen frå Sogn og Fjordane til ungdommen. Krakhellen reiste sjølv ut og kom heim.

– Kva lokka deg heim?

– Eg har alltid visst at eg ville tilbake til Sogn og Fjordane, og mest sannsynleg til Solund. Ein katalysator var at partiet mitt spurde om eg kunne stå i toppen av lista same året som eg var ferdig utdanna. Eg fekk jobb på Hyllestad skule, og pendla til jobben som kontaktlærar for ein fantastisk kjekk klasse. Så vart Høgre størst i valet, og eg fekk mogelegheita til å vere ordførar i Solund. Den gongen passa det å flytte heim, men eg ser ikkje vekk frå at eg elles hadde vorte i Bergen nokre år for å få nyttig erfaring frå ein byskule, seier Krakhellen.

Den unge ordføraren har på ingen måte angra på at han tok steget og flytta heim. Så får det heller gå for ei stund at kjærasten framleis er student i Bergen.

Krakhellen har vore politisk aktiv sidan han var seksten år, og vore innom både ungdomsråd, partipolitikk og fylkesting. Å leie eit kommunestyre med røynde politikarar i ein alder av tjuefem går fint, med ei blanding av fridom og fast hand, meiner han.

– Utfordrande saker møter ein uansett, anten ein er tjuefem eller femtifem. Ballasta eg har frå politisk arbeid har vore nyttig. Samstundes har eg ikkje den same livserfaringa som ein eldre ordførar. På den andre sida hadde eg ikkje ein familie å ha dårleg samvit for, med all den reisinga arbeidet inneber. I tillegg har ein forhåpentlegvis ein god dose pågangsmot når ein er ung, seier han.

LES OGSÅ: Kvar tredje Oslo-buar vil flytte

Framtidsfylket

Sogn og Fjordane kallar seg Framtidsfylket, som også er namnet på fylket sin marknadsføringskanal. Gjennom til dømes karrieremesser freistar fylket å selje sine kvalitetar til potensielle tilflyttarar.

– På kva måte er Sogn og Fjordane framtidsfylket?

– Vi har mykje ressursar, både i form av olje og gass, og ikkje minst i form av fornybare ressursar, som vatn og vind. Vi har fiskeri, havbruk og landbruk, og vi har ressursar til å produsere nærmast inn i æva.  Såleis har vi dei spanande jobbane. Vi har gode kvalitetar i kommunane, med ein god skule som fleire år har vore i landstoppen. I tillegg har vi fantastisk natur og eg trur folk rett og slett trivst i Sogn og Fjordane. I mitt hovud er biletet av det komplette framtidsfylket nettopp fylket vårt, seier Krakhellen.

– På karrieremessene blir det ropa etter lærarar, ingeniørar og økonomar. Kva med folk med andre typar kunnskap og utdanning, som kultur- og samfunnsvitarar?

– Miljøet i fylket er samansett og vi treng dei fleste. Der har vi forbetringspotensiale. Vi kan bli flinkare til å synleggjere korleis vi òg treng dei med andre typar utdanning. Kulturlivet i fylket er rikt, mellom anna i kunst- og designmiljøet i Fjaler, og syner oss at mogelegheitene for å skape sin eigen arbeidsplass i kunst- og kulturarbeid er til stades. Det må vi få ut. Eg har sjølv filologutdanning frå Universitetet i Bergen, og fann jobb som lærar i Hyllestad, seier Krakhellen.

– Solund er ein av kommunane som slit med fråflytting. Kvifor bør ein flytte til Solund?

– Eg ser positivt på framtida her. Engasjementet er stort i kommunen og det er mykje som skjer. Utfordringa er å skape større volum og variasjon i arbeidsplassane, og det arbeider vi med. Eg har inntrykk av at mange trivst og ynskjer å skape det gode liv i Solund, og på mange måtar er det vi sjølv som avgrensar oss. Eit døme er eit nytt eventbyrå, som har kontor i Oslo, Milano og Solund. At vi hamnar på visittkort saman med dei store, syner at mogelegheitene finst.

LES OGSÅ: – Fleire burde få augo opp for bygda

Listefyll og sidemål

Med gode meiningsmålingar er dei borgarlege partia kanskje nærare regjeringsmakt enn dei har vore på lenge. Den unge ordføraren frå kommunen langt i vest står på niande plass på fylkeslista over stortingskandidatar, men let seg ikkje uroe over å vere listefyll.

– Dersom Høgre får hundre prosent av stemmene og alle utjamningsmandata, så vil eg stå på noko sånt som femteplass som vara. Så sjansen for at eg kjem på Stortinget er kring null. Men det er kjekt å stå på lista likevel, ler han.

Krakhellen er ikkje mindre engasjert av den grunn. Med borgarleg regjering trur han på ny giv.

– Dersom det vert borgarleg fleirtal vil vi få ei regjering med sterkt pågangsmot, som er klare for å gjere ein god jobb. Eg trur mange føler at dei raudgrøne går litt på tomgang etter åtte år. Dei styrer landet og det går ikkje under, men drivkrafta er ikkje heilt til stades. Med borgarleg fleirtal vil vi få nye idear inn regjeringa og betre løysingar.

Han er likevel ikkje einig i alt Høgre står for. Under landsmøtet gjekk han på talarstolen for å halde på eigen karakter og eksamen i sidemål.

– Personleg er eg imot vedtaket om å fjerne karakter og eksamen i sidemål på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Vi gjekk først inn for å stryke heile punktet frå programmet, men fekk liten oppslutnad. Då vi kom med eit kompromiss om å behalde karakter og eksamen i ungdomsskulen, men opne for å fjerne den i vidaregåande, støtta nær førti prosent vårt syn. Eg er skuffa over at vi ikkje vann gjennom.

Han meiner likevel Høgre sin sidemålspolitikk er mildare enn før.

– Førre periode var essensen i programmet at Høgre ville ha valfritt sidemål i vidaregåande skule, og ikkje noko meir. No har vi fått inn at vi ynskjer å bruke tekstar på begge målformene gjennom heile skulelaupet, og dermed byrje tidlegare med sidemål enn før. Sidemålsundervisning vil heller ikkje vere valfritt. Ein skal framleis ha undervisning, men utan eigen karakter og eksamen, seier Krakhellen.

LES OGSÅ: Slik vil distriktsfylka få deg heim

SOLUND: Solund er den vestlegaste kommunen i landet. – Her kan du leve det gode liv, meiner Ole Gunnar Krakhellen. Foto: SMK