Slik vil distriksfylka få deg heim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For snart to år sidan flytta Gaute Haugen frå Stavanger og heim til heimstaden Høyanger.

– Eg er strålande nøgd med valet, og har enno ikkje angra. Her har vi natur, ekte folk, breitt kulturtilbod og det naudsynte av  handlemoglegheiter, seier Haugen.

Forsvaret skulle flytte jobben hans frå Stavanger til Bodø så då var det tid for å gjere opp status.

– Tilfeldigheitene ville det slik at min noverande arbeidsgjevar, Kvalitetslosen, tok kontakt omtrent samtidig. Med god jobb i ei spanande verksemd, vart valet om å flytte heim enkelt, seier Haugen.

Han understrekar at nærleik til familie og vener, og naturen, er viktige grunnar til at han drog frå Stavanger og flytta heim.

LES OGSÅ: Råd for eit god liv på bygda

Slik lokkar dei unge
Vestlandsfylka Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og Nord-Noreg er områda som har størst netto fråflytting.

Bulyst er Kommunal – og regionaldepartementet si satsing på å gjere det meir attraktivt å busetje seg i distrikta.

Satsinga skal óg samle kunnskap om kva som påverkar folk sine val når det gjeld bustad.

I 2012 skal det delast ut 32 millionar Bulyst-kroner.

Denne veka gjekk fristen ut for å søke om midlar. I den næraste tida vil departementet avgjere kva for prosjekt som vil få pengar.

På Distriktsenterets heimesider kan du lese om tidlegare prosjekt.

LES OGSÅ: – Utkant-Noreg bør læra av Finnøy

Vil skipe eit framtidsfylke
Sogn og Fjordane har skipa Framtidsfylket som skal setje fokus på moglegheitene i fylket og mellom anna arrangerar karrieremesser i dei største byane.

Framtidsfylket har bidrege til at verksemder har nått fram til ei langt større og annleis søkjarmasse enn dei ville fått på eiga hand, syner rapporten «Busetningsverknader av regionale traineeprogram»

Framtidsfylket er fylket sitt hovedverkty for å rekruttere unge vaksne til fylket. Snart lanserar Sogn og Fjordane eit eige tilbod for gründerar.

– I april vert nettsida driftig.no lansert. Denne skal gje potensielle gründerar informasjon om korleis dei kan skipe eiga verksemd i fylket, seier assisterande fylkesrådmann Bjørn Birger Bremer i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Vil ha fleire gründerar
Sida er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Innovasjon Norge, fylkesmannen og kommunane.

– Målet er å verte betre til å jobbe med kommunal næringsutvikling og til å ta imot gründerar, seier Bremer.

Sogn og Fjordane doblar og stønaden til Ungt Entreprenørskap og gjev organisasjonen 900 000 kroner i året fram til 2014.

Les meir om møtet mellom studentar og næringsliv!

I vinden
Nordland fylkeskommune prøver nye metodar for å få nye innbyggjarar til fylket, sjå berre denne kampanjen (www.bodo.no/byenmin/mobile.php) frå Bodø i vinden (www.bodo.no).

Felles for distriktsfylka er at dei kjempar om merksemda, og ynskjer å skape seg eit best mogleg omdøme.

Finnmark fylkeskommune ynskjer å syne omverda kva fylket kan by på, det gjer dei mellom anna ved å sponse eit tv-program.

– NRK syner bilete frå Finnmark under Finnmarksløpet. Vi støttar tv-overføring av Finnmarksløpet med midlar fordi det er med på å skape eit godt omdøme for fylket, seier kommunikasjonssjef Trond Magne Henriksen i Finnmark fylkeskommune.

Fylkeskommunen har satt av 600.000 for å få Finnmarksløpet på riksdekkande fjernsyn i 2012.

Kan spare 90.000

I Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms vart det i 1990 satt i gang ekstra tiltak for å få folk til å flytte til områda.

Ved å flytte til Finnmark kan ein skrive ned studielånet med opptil 25.000 kroner årleg, få auka barnetrygde og sleppe arbeidsgjevaravgift.

Sjå oversikt over frynsegodene her!

– Ein vanleg familie kan spare 90.000 kroner årleg på å bu i Finnmark, seier Henriksen.

Møreforskning såg nærare på ordninga i 1992 og konkluderte med at særleg tiltaka retta mot privatpersonar, fungerte bra.

Les heile rapporten frå Møreforskning!

Lukrativ ordning under lupa
Kommunal – og regionaldepartementet har bestilt ein ny rapport om korleis ordningane fungerar. Rapporten vil truleg verte klar i løpet av kort tid.

Henriksen meiner Finnmark no har ein fordel i kamp mot andre distriktsfylke.

– Vi har store naturressursar her. I tillegg til petroleumsressursar, er det mange søknader om vindkraft inne no og mange mineralundersøkingar.

Dei siste fire åra har Finnmark hatt ei auke i talet på innbyggarar med 1500.

I prosent er det svært låge tal, men Henriksen ser ei positiv utvikling og håpar det held fram.

Kva er det viktigaste for deg når du tenkjer på kvar du kan tenkje deg å bu?