– Varsellampene bør blinka
Kunnskapsløftet har ikkje ført til lågare fråfall i vidaregåande. Forskjellane mellom gutar og jenter er aukande.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag fekk kunnskapsministeren tre nye rapportar som viser at Kunnskapsløftet ikkje ser ut til å ha endra utdanningsvala til elevane eller ført til at fleire fullfører vidaregåande opplæring.
Det er er berre funne små forskjellar mellom elevkulla før og etter innføringa av Kunnskapsløftet. 55 prosent av 2004-kullet fekk studie- eller yrkeskompetanse på normert tid. Tala var 58 prosent for 2005-kullet og 57 prosent for 2006-kullet.
Tala viser òg at norske elevar i aukande grad ønskjer studiekompetanse. Mange vel to år på yrkesfag og eit år med påbygging.
– Me ser at nokre av tiltaka med strukturen som blei innført med reforma for å betra gjennomføringa av vidaregåande opplæring, ikkje har hatt ein ønskt effekt. Eg er naturligvis bekymra når bare litt over halvparten av dei elevane som tok påbygg førre skuleår bestod. Dette er trekk me har visst om ei stund, og me er no i gang med å vurdera mulege forbetringar av Kunnskapsløftet, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV).
LES OGSÅ: Norske elevar på droppe-toppen
Set krav
Leiar i Elevorganisasjonen, Axel Fjeldavli, er utålmodig.
– Det er ikkje gjort nok for å få ned talet på elevar som fell frå i vidaregåande, seier han.
Elevorganisasjonen har to hovudkrav til statsbudsjettet som blir lagt fram 8. oktober:
• statlege midlar for å ta vare på gratisprinsippet i skulen.
• utprøving av mappeevaluering som eit alternativ til dagens eksamensordning.
Elevorganisasjonen er glade for at regjeringa i haust opna for forsøk med alternativ veg til sveinebrev. Dette meiner dei vil gjera det lettare å fullføra utdanninga for dei som ikkje tek vanleg to års læretid.
LES OGSÅ: Kvifor aukar forskjellane i skulen?
Større kjønnsforskjellar
Sluttrapporten stadfestar at det er flest gutar som slit med å fullføra vidaregåande. Ingen av dei 20 landa som Noreg blir samanlikna med har ein så dramatisk forskjell mellom gutar og jenter.
55 prosent av alle jentene får studiekompetanse innan normert tid, medan berre 36 prosent av gutane får det same. Norske gutar ligg langt under land ein samanliknar seg med.
– Det bør få varsellampene til å blinka. Det gjeld same kva gruppe som kjem dårleg ut. Her må me gjera noko, seier Axel Fjeldavli, leiar i Elevorganisasjonen.
– Det kan sjå ut som om ungdomsskulen og barneskulen ikkje er tilpassa gutar, påpeikar Fjeldavli. Han vedgår at det er ein vanskeleg debatt, med mange meiningar.
Han meiner skulen må leggja til rette for dei ikkje finn seg til rette i dag. Ein bør få ein breiare inngang til læring – at ikkje berre bøker er den einaste måten til å tileigna seg kunnskap på. Fjeldavli meiner også det i dag er for mykje tradisjonell tavleundervising.
Ifølgje Fjeldavli bidreg rådgjevinga ved skulane til å forsterka kjønnsstereotypane.
– Rådgjevarane må få tid til å sjå alle elevane kvar for seg. Det må dessutan setjast krav til kompetansen til rådgjevarane, slik det no er gjort i fleire fylke.
LES OGSÅ: – Gå til rektor med håplause lærarar
Lyspunkt
Då Kunnskapsløftet blei innført, blei det færre og breiare inngangar til dei ulike lærefaga. Prosjekt til fordjuping blei innført for å minska avstanden mellom programfaga i skulen og lærefag og yrke. Prosjekt og fordjuping skal gi elevane på Vg1 og Vg2 høve til å prøva ut lærefag og yrke tidleg i opplæringa. Dette lukkast ein med, ifølgje ein rapport frå Fafo.
– Evalueringa bekreftar kor viktig faget er som ei bru mellom skule og bedrift, og det er svært positivt at faget ser ut til å bidra til motivasjonen til elevane for å gjennomføra opplæringa, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
Kva meiner du er grunnen til at det er så få gutar som klarer å fullføra på normert tid?