Sterkt press for nynorsk i Vestlandsregionen

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sterkt press for nynorsk Vestland

Dei neste vekene blir administrasjonsspråket i den planlagde Vestlandsregionen bestemt. Vestlandsregionen er ei samanslåing mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Noregs Mållag argumenterer i dag for at nynorskfylka Sogn og Fjordane og Hordaland må stille som eit ufråvikeleg krav at også språknøytrale Rogaland går med på nynorsk språk. Viss ikkje må heile storregionen leggjast daud, meiner organisasjonen.

BAKGRUNN: Sterke reaksjonar mot Vestlandsregion utan nynorsk

– Fylkespolitikarane må gjere vedtak som garanterer at nynorsk vert språket uansett kva konstellasjon ein eventuelt står att med til slutt. Om ikkje Rogaland går med på nynorsk administrasjonsspråk, må Sogn og Fjordane vere tydeleg på at dei ikkje kan gå inn i region med Rogaland. Det seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding.

I intensjonsplanen om samanslåinga, som blei sendt ut på høyring tidlegare i haust, står det frå før at nynorsk er ein viktig identitetsbyggjar. Mållaget meiner fylkestinga må kunne garantere at nynorsk skal vere administrasjonsspråk og språket staten bruker i skriv til regionen.

LES OGSÅ: «Språket mitt er ikkje unaturleg!», skreiv Tore Storehaug i eit engasjert debattinnlegg i september.

– Sogn og Fjordane og Hordaland må gjere vedtak om at eit eventuelt «ja» fell bort om ikkje språket i regionen blir nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

Kravet frå mållaget kjem etter at høyringsfristen i alle dei tre fylka har gått ut. I desember skal fylkestinga i dei tre fylka kvar for seg gjera sine endelege vedtak om samanslåinga.

LES OGSÅ: KrF-leiar Knut Arild Hareide krev nynorsk på Vestlandet

Blant dei som har sendt inn høyringssvar, er engasjementet for nynorsken stort. Onsdag 30. november melde NRK at av dei 201 høyringssvara som då var talt opp, seier nær 9 av 10 at Vestlandsregionen må bruka nynorsk.

I bunken av høyringssvar finn me kjente nynorskforfattarar som Jon Fosse, Einar Økland og Lars Amund Vaage, i tillegg til ei rekkje mållag og engasjerte målfolk som har nytta høvet til å setja press på saka. Noregs Mållag har dei siste vekene drive kampanje for å få flest mogleg til å sende høyringssvar.

LES OGSÅ: «Skam vøre», seier Jon Fosse om ein Vestlandsregion utan nynorsk

I tillegg går mellom andre Utdanningsforbundet Hordaland inn for nynorsk. I sitt høyringssvar legg dei vekt på den kulturelle identiteten på Vestlandet og nynorsken sin nasjonale status:

«Når Vestlandsregionen skal byggje opp sin identitet, så kan han ikkje bruke ei anna målform enn nynorsk. Ved å bruke nynorsk som administrasjonsspråk vil regionen framstå som ein kulturell motpol til austlandsområdet.

For nynorsk som språk er det og viktig  at Vestlandsregionen brukar språket. Nynorsk er under stort press, og vil trenge det løftet som Vestlandsregionen kan gi det. Nynorsk og bokmål er jamstilte språk, og ved å aktivt bruke nynorsk som administrasjonsspråk, så er regionen med på å gi det status i eit bokmålsdominert samfunn.»

Her finn du høyringssvara som har kome inn i Hordaland.

LES OGSÅ: Bergen går inn for nynorsk i Vestlandsregionen