Bergen går for nynorsk

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utkastet til avtale om å slå saman Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er no ute på høyring i dei tre fylka. 

Onsdag sender byrådet i Bergen sitt innspel til bystyret.

– Det handlar om både historie og identitet, og at eit nynorsk under press vert tatt godt vare på, sier byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) til Bergens Tidene.

I utkastet til høyringsinnspel står det mellom anna:

«Bergen kommune meiner det er naturleg at administrasjonsspråket i den nye regionen vert nynorsk. Den nye regionen vil vere ein stor og viktig tekstprodusent, og med nynorsk som administrasjonsspråk vil den bidra til at innbyggjarane møter nynorsk i ein bokmålsdominert kvardag.»

– Vi er veldig glade for at Bergen ser det store biletet, sier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, til BT. 

– Skam vøre
I utkastet til avtale for Vestlandsregionen står det at administrasjonsspråket skal vere nøytralt. 

Formuleringa i avtalen har vakt mykje engasjement, og Jon Fosse har gitt sitt innspel til Hordaland fylkeskommune. Fosse skriv:  

«Vestlandet er utenkjeleg utan nynorsken, og nynorsken er utenkjeleg utan Vestlandet, så om ein del av Noreg, dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, skal bli til ein vestlandsregion, ja til Vestlandet, ja så seier det seg sjølv at nynorsk må vera administrasjonsmålet på Vestlandet og at skriv ifrå den norske staten til Vestlandet må vera på nynorsk.

Om ikkje, ja så er det som om heile vestlendingen legg frå seg heile vestalandsidentiteten sin og gjer seg til austlending. Skam vøre.»

Dei tre fylkeskommunane har så langt fått over 30 ulike høyringssvar. Du kan også gi ditt innspel til avtalen om Vestlandsregionen HER.