Språkleg AJAX Supershine

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa vart først publisert på heimesidene til Ivar Aasen-tunet

I fagspråket kallar ein denne ideologien for purisme, som jo nettopp er eit ord frå latin,purus, som tyder rein. Ideologien handlar kort og godt om at ein prøver å halde språket, og då snakkar ein helst om skriftspråket, reint for språklege element ein oppfattar som ureine eller framande. Eg skriv oppfattar, for kva som blir rekna som reint og ureint, heimleg og framandt, er sosiale konstruksjonar, som regel i ein nasjonalstatleg kontekst.

LES OGSÅ: Super utfordring

I tillegg er det slik at ingen språk, ikkje eingong islandsk, er fri for lån og språkblandingar, slik professor Endre Brunstad skriv i boka Purt og reint. Om purisme i dei nordiske språka (2003). Førestellinga om det reine språket kan såleis sjåast på som ein konstruksjon. Men, som vi skal sjå, det kan også vere gode grunnar for å ta i bruk ideologien.

Purisme er altså mest knytt til skriftspråket, og då igjen standardiseringa av skriftspråket. I dei nordiske landa har dette gitt ulike utslag. Det største motpolane er nok Danmark og Island. I det sistnemnde landet er ein kjent for å lage nyord av det meste som kjem inn – det er reine folkesporten. Såleis kallar ein mobiltelefon for farsími, som er eit samansett ord. Sími tyder eigentleg tråd, men er altså telefon, og far kan vi kanskje kjenne att frå norsk. Logisk, sant?

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk

I Danmark har ein derimot teke inn svært mykje av det språket som mange vestlege land blir påverka av, engelsk, og ein snakkar om både teenagerswimmingpool og kanskje ikkje ukjent for oss heller, å maile. På ferie i Danmark i fjor drog eg nok denne tendensen i grannelandet litt langt, då eg trudde eg måtte spørje etter hiking boots i sportsforretninga. «Mener du vandresko?», sa butikkdama. 

Noreg er i ei mellomstilling her, og vi har ein annan situasjon med to offisielle norske standardspråk, nynorsk og bokmål. Medan viljen til å lage nyord på Island er svært sterk, er den i Noreg heller middelmåtig. Og då snakkar eg om viljen i folket, for det har ikkje mangla på forslag til avløysarord frå Språkrådet. Matmølle for food processorlysark foroverhead, nettfjøl eller nettbrett for pad, eller idéverkstad for workshop, er nokre moglege avløysarord. Somme ord har slått gjennom i allmenn bruk, slik som nettbrett, men svært mange gjer det ikkje.

LES OGSÅ: Meir humoristisk språklæring

Difor er ein annan strategi vanleg i Noreg, nemleg å fornorske orda, som også er ein form for purisme. Ein skriv ikkje lenger chauffeur, men sjåførTeit og tøff er også døme på ord som er blitt fornorska. Ein gjer dette mest av omsyn til dei borna som skal lære seg norsk, slik at korrespondansen mellom skriftteikn og lyd er nokolunde lik i dei fleste ord. Pussig nok er det nokså stor motstand i folket mot dette òg. Den såkalla beiken-feiden (eller baconfeiden) som gjekk over landet i 2004, kom som eit resultat av at årsmøtet til Språkrådet fastsette nye valfrie skrivemåtar for om lag 25 ord. I staden for å skrivenonchalansesnacksbacalao og cannabis, kunne ein no skrive nonsjalansesnaks,bakalao og kannabis, mellom anna. Men språk handlar om kjensler, og mange reagerte på desse skrivemåtane, sjølv om det altså vil gjere det lettare for born å lære språket.

LES OGSÅ: Nakensjokk som lynavleiar

Han som leidde arbeidet, professor Helge Sandøy, kommenterte dei sterke reaksjonane på fornorskinga i Dagbladet 6. april 2004:

«Første offisielle tiltaket om å skrive utalandske ord på norsk kom i 1862. Pedagogen Knud Knudsen førebudde saka, og han såg fordelane i å skrive f.eks. filosof beint fram i staden for Philosoph. Seinare har myndigheitene følgt opp i mange omgangar. Av disputtane etter Språkråds-vedtaket i februar i år om å lansere valfri norsk skrivemåte på sirka 40 ord frå utalandske språk får ein inntrykk av at mange ikkje er klar over denne vel 140 år gamle tradisjonen.»

Knud Knudsen, far til bokmålet og ein misforstått mann i si tid, arbeidde altså for fornorsking og å finne gode norske ord for andre som blei oppfatta som framande, og som sikkert var det.

Quiz: Kva kan du om Ivar Aasen?

Ivar Aasen hadde sjølvsagt òg ein puristisk strategi. Sjølv om bokmål og kanskje spesielt riksmålet har hatt ein agg mot folkemålsformer ein har sett på som vulgære, er det likevel nynorsk som er blitt sett i bås som forbodsspråket. Frå norsktimane veit ein at såkalla an-, be-, -heit, -else-ord har vore og til dels framleis er rekna som «ureine» i nynorsk. Dette har å gjere med at nynorsken måtte etablere seg i opposisjon mot danske og nedertyske språkformer, for å kunne vere eit sjølvstendig nasjonalt språk. Purismen i nynorsk har derimot ikkje gjeldt mot språklån frå latin og gresk, fordi det ikkje har vore språkpolitisk nødvendig.

Purismen i nynorsk mot danske og nedertyske former og ord har på mange måtar fungert tosidig. På eine sida var purismen eit vern mot konkurrerande grannespråk for å nettopp kunne skilje seg ut som språk, medan det på hi sida fungerte bevarande (oi, eg skreivbevarande) og implementerande for dialektismar og heimeord. Slik sett var purismen i nynorsk heilt nødvendig, eller naudsynt, som somme sikkert vil insistere på å skrive.

LES OGSÅ: Gis bort: Vitskapleg kunnskap

Somme språkbrukarar har likevel sett på det som vanskeleg å skrive korrekt nynorsk. Grunnane er nokså opplagde: Dansk-norsk fungerte som skriftspråk og talemål for overklassa i Noreg svært lenge, og arven etter dette språket lever vidare i dag i eit språkklima der nynorsk er mindre synleg og påverknaden frå bokmål er svært stor. Dei som har blitt verande nynorskbrukarar har difor måtte innta ei spesielt medviten haldning til språket.

LES OGSÅ: Gjev støtte til nynorskbyen Førde

Resultatet av dette i dag er likevel slåande: I Noreg er det nynorsk, by far, som står seg best i det massive presset frå engelsk. Når det er sagt, har det skjedd svært mykje med ordtilfanget i nynorsk. Ord som tidlegare blei rekna som dårleg nynorsk, er i dag i full bruk. Verkelegheit for røynd, hemmelegheit for løyndom og erfaring for røynsle, er berre nokre døme på ord som er offentleg godkjende til bruk i nynorsk. Noko anna hadde vel kanskje vore merkeleg, men spørsmålet er om folk veit at dei kan skrive nynorsk slik. Mange av dei som har lagt frå seg nynorsken, seier ofte at "det er så mange merkelege ord i nynorsk". Eg synest ikkje røynd og løyndom er merkelege ord, men folk som ønskjer å bruke dei andre orda skal vite at moglegheita er der. Om ikkje anna, så er det ei unik språkleg verktøykasse å kunne veksle mellom ord, viss ein ønskjer det.

Mindre kjent er det kanskje at bokmål også har teke inn ein del ord frå nynorsk. Søknad, løyve og sjølmelding er døme på dette. Som professor Einar Lundeby skreiv i Språknytt 1996/1: "Uten Aasen som foregangsmann når det gjaldt å få norsk tale ned på papiret, hadde bokmålet vært et annet, kanskje på det stadiet vi hadde etter 1907."

Er det så verkeleg eit problem at vi tek i bruk engelske ord i staden for norske?

Svaret er ikkje opplagt. Men når ein ser språkføringa i jobbutlysingar for mange norske verksemder, skjønar ein meir. Key account manager og outsourcing er iallfall ord eg aldri har forstått intuitivt.

I Danmark forstår dei det sikkert betre.

LES OGSÅ: Språkets tilstand