Språk i spagaten

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos Språkrådet.

2014 vart eit år for mediehistoriebøkene. For første gong gjekk eit sosialt medium forbi dei tradisjonelle på statistikkane. Facebook var større enn NRK1. Norske mediehus uroar seg over at internasjonale aktørar passerer dei nasjonale, særleg med tanke på annonseinntektene. Men Facebook er også den einaste kanalen på lista over dei ti største mediekanalane i Noreg som ikkje har redaktør. Sosiale medium er utan ferdigprodusert innhald. Brukarane sjølve skaper og deler alt innhaldet. Her finst ingen raud penn. Språk og innhald er på sjølvstyr. Kva skjer med språket der det ikkje finst retningslinjer eller kontroll?

LES OGSÅ: – Eg skriv som eg snakkar

Ein kanal for alle
Korleis og kvifor skriv ungdomar i dei fire vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på sosiale medium? Det har eg undersøkt i mastergraden ved Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. 142 avgangselevar i vidaregåande skule deltok i den digitale undersøkinga i juni 2014. Undersøkinga viser at sosiale medium er ein viktig mediekanal for ungdommane, og heile 43 prosent svarar at Facebook er «viktig» eller «svært viktig» for dei. Alle deltakarane har profil på Facebook. Ni av ti brukar Facebook kvar dag, og eit fleirtal er innom Facebook meir enn fem gongar dagleg.

I undersøkinga har 70 prosent nynorsk som hovudmål og 30 prosent bokmål. Som lista viser, skriv tre av fire mest dialekt på Facebook. Mange av dei skriv også normert språk og engelsk, men dei brukar heilt tydeleg dialekt mest. (Sjå faktaboks).

Korleis dei brukar dialekten, seier ikkje undersøkinga noko om, men deltakarane har svart på spørsmål om korleis dei oppfattar sitt eige talemål. Dei som oppfattar sitt eige talemål som «ein tydeleg dialekt frå heimstaden», har noko større dialektbruk enn dei som snakkar ein blandingsdialekt. Kompetanse frå talespråket vert altså med over til skriftspråket. Likevel er tala klare: Det normerte skriftspråket står svakt på Facebook.

Det at kvar femte ungdom skriv normert nynorsk, fortener ein kommentar. Her finn vi i hovudsak elevar frå Sogn og Fjordane og Voss. Desse elevane er i ei særstilling. Nynorskfylket Sogn og Fjordane har Noregs tyngste nynorskhegemoni. Den fysiske verda rundt språkbrukaren spelar altså ei rolle, sjølv når dei skrivande deltek i globale, sosiale medium. Likevel finn vi mange som skriv mest på dialekt også i Sogn og Fjordane. Kva er så årsakene til denne skrivepraksisen?

Snakkeskriving
Den viktigaste grunnen til at ungdom skriv på dialekt, er «fordi det er slik eg snakkar» og «fordi det er uformelt». (Sjå faktaboks).

Undersøkinga viser at dialektane oftast blir brukte i nettprating, men ikkje berre der. Over 30 prosent opplyser at dei skriv dialekt over alt på Facebook. Undersøkinga viser også ein samanheng mellom dialektskriving, bruk og nettverk. Det kan sjå ut som omfattande bruk og stort nettverk fører til meir dialektskriving. På mange måtar er dette naturleg. Nettprating er det som liknar mest på ein munnleg samtale. Med nettprating oppstår digitale sanntidsdialogar som har ei munnleg form, men der fingrane må ned på tastaturet. Element som tidlegare ikkje var del av den skriftlege kommunikasjonen, har no fått plass: den direkte responsen, kjensleteikn og ord som markerer handling (*ler*) eller lydar («hm»). Eigenskapane frå det munnlege språket vert med over i skriftspråket i sosiale medium. Språket her kan difor gjerne kallast snakkeskriving.Ungdomane brukar eit skriftspråk som ikkje «finst».

Dialektar har vore til stades i skrift i nærast all tid. Asbjørnsen og Moe brukte dialekt i eventyra sine for å gjere det heile meir autentisk. Også i seinare populærkultur har dialektane fått stort spelerom. Likevel er omfanget av dialektbruken i sosiale medium så omfattande og gjennomført at ein kan kalle det ein ny kultur for skrift. Tidlegare omtala ein gjerne språket på Internett som nettspråk. Det er ikkje lenger presist nok.

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket

_MG_0164

Kanalar for dialekt
Elevane i undersøkinga brukar gjerne normert skrift andre stader i nettbasert kommunikasjon, som e-post, bloggar og kommentarfelt i nettaviser. (Sjå faktaboks)

Resultata viser at ein i dag ikkje kan lage ein samlekategori for nettspråk. Det digitale språket til desse elevane er meir avansert. Facebook er meir dialogbasert enn e-post og blogg (som begge også er nettbasert), og bileta har ein viktig funksjon. Begge delar kan brukast som forklaringsmodellar. Foto har heile tida vore viktig på Facebook, og no deler vi bilete som berre eit fåtal menneske såg tidlegare, med fleire hundre andre. Intimsfæren har kome til skjermen. Vi ser på kvarandre og snakkar saman, som om vi sat i ein virtuell sofa.

Undersøkinga viser at vi har fire store dialektkanalar: SMS, Facebook, Snapchat og Instagram. Eit fellestrekk ved dei er at alle har bilete og tekst kopla saman. Det private fotoalbumet har ikkje berre vorte digitalisert, men publisert. Noko som før var intimt og privat, har kome ut frå heimen og inn på verdsveven. Språket følgjer med bileta, og tekst og bilete kan forsterke kvarandre som identitetshandling: Private foto går hand i hand med snakkeskrivinga, nær talemålet. Både det talte og skrivne språket seier noko om kven vi er, og kven vi vil vere.

Ein ser òg at ungdomane har stor språkkompetanse. Dei skil mellom ulike kanalar og vekslar det språklege uttrykket sitt. Desse heildigitale ungdomane har i tillegg ein kompetanse som foreldra deira ikkje hadde på same måten: Dei kan skrive for eit publikum og får respons på det dei skriv. Medan foreldregenerasjonen produserte tekst for læraren, kanskje nokre handskrivne brev og hemmelege lappar i skuletimane, produserer dagens russ mykje meir tekst – og tekstar som har lesarar.

Dialektar eit gode?
Vekslinga mellom ulike kanalar, ulike grupper av mottakarar og ulikt språk gjer at elevane har ein stor metaspråkleg kompetanse, i tillegg til kommunikasjonskompetansen. Snakkeskrivinga kan dermed finne sin plass ved sida av det normerte språket. Ungdomane ser ut til å meine at snakkeskrivinga høyrer heime i somme kanalar, og ikkje i andre. Det er ikkje naturleg for dei å skrive dialekt i alle samanhengar, og dei meiner openbert at dei har bruk for normert språk i tillegg. Slik sett treng ikkje stor tekstproduksjon på dialekt vere noko trugsmål for verken bokmål eller nynorsk.

Ungdomane skriv altså på dialekt fordi dei vil skrive slik dei snakkar. Det er eit paradoks når ein veit at normeringa, særleg den nynorske, i stor grad er bygd på talemålet. Difor er det sjølvsagt relevant å stille spørsmålet om nynorsken er normert for langt unna talemålet, og om dette kan vere ei underliggjande årsak til at ungdom skriv på dialekt. Svaret er ikkje nødvendigvis ja, sidan ungdomane brukar normert språk på andre domene. Spørsmålet gir likevel grunnlag for språkvitskapleg refleksjon. Kanskje kan kompetansen i vekslinga mellom dialekt og normert skrift faktisk også vere positiv, sidan læring og kompetanse gjer at ein meistrar begge delar, og sidan dialekt og normert skrift gir ein tospråkleg situasjon. Dei kognitive fordelane ved fleirspråklegheit er godt kjende.

Dialektar i verbalspåk er ikkje berre akseptert, men eit gode. Då er det vel ikkje nødvendigvis eit teikn på forfall at det også finst i skrift som ligg tettare opp til tale som form? Sosiale medium ligg nærare oss som individ, fordi vi sjølve skaper innhaldet, vel publikum og graden av offentlegheit. Skriftuttrykket rykkjer nærare privat- og intimsfæren enn tradisjonelle medium. Ein er ein aktiv deltakar, ikkje ein passiv mottakar. Difor er det kanskje heilt naturleg at skrivepraksisen er annleis. Ungdomar i 2014 er erfarne digitale konsumentar – og skil mellom kanalar og ulike domene for skrift.

«Det høver ikkje same Segl åt alle Båtar»,sa Ivar Aasen. Ungdommane si fleirspråklegheit er i høg grad kontekstuell. Å skrive på Facebook er noko anna enn å skrive eit lesarinnlegg i avisa. For i 2014 er ikkje «media the message», og heller ikkje er «content king». I 2014 er det konteksten som legg premissane for val av skrift.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er redaktør i det nynorske digitale oppslagsverk, Allkunne.no

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Faktaboks

Kva språk brukar du mest på Facebook?

Mest dialekt

74,6 %

Mest nynorsk

20,4 %

 Mest andre språk

2,8 %

 Mest bokmål

1,4 %

 Mest engelsk

0,7 %

 

Kvifor skriv du dialekt på Facebook?

Det er slik eg snakkar

76,7 %

Det er uformelt

45,8 %

Det er det eg kan best

15,8 %

Det passar på Facebook

11,7 %

Andre gjer det

5,8 %

Det er fint

5,0 %

Eg er ikkje så flink i rettskriving

4,2 %

 

I kva andre samanhengar skriv du dialekt?

SMS

100 %

Snapchat

90,8 %

Instagram

63,9 %

Twitter

23,5 %

E-post

5,0 %

Andre sosiale medium

5,0 %

Blogg

3,4 %

Kommentarfelt

0,8 %

Skulearbeid

0,8 %

Søknader

0,8 %